Hareid kommune har no starta det omfattande arbeidet med å bygge ny kulvert (røyr) for overvatn og pumpestasjon for kloakk. Denne pumpestasjonen skal pumpe kloakken til det framtidige reinseanlegget som skal ligge Raffelneset.
Røyra som blir lagt har ein dimensjon på 1,2 meter og det skal ligge to slike gjennom heile grøfta, i tillegg til nokre andre røyr. Dermed blir grøfta ganske brei og djup.
I fyrste omgang er det Tusenårsplassen fram til hovudvegen om blir arbeidsområde. Her er det naudsynt med stort arbeidsrom. Derfor vil det bli avgrensa med parkering/trafikk på Tusenårsplassen. Denne delen av prosjektet vil ta om lag ein månad.
I dei neste fasane skal røyra leggast heilt fram til Loket opp gjennom Kjøpmannsgata og langs fylkesvegen nesten til rundkøyringa.Det kjem meir informasjon om dette arbeidet seinare.
Prosjektleiinga vil arbeide for å ha god dialog med butikkane og verksemdene i området og andre som er råka av gravearbeidet.
Starten av grøfta sett mot hamna.