Leigeprisar omsorgsbustader, økonomisamarbeid, folkerøysting og val i 2027 – dette er noko av det som skal opp i kommunestyret 29. oktober

29. oktober klokka 18.00 møtest kommunestyret. Les samandrag av dei viktigaste sakene her.

urne utanfor Hareid rådhus - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Møtet er som vanleg ope for publikum. Du kan sjå sendinga av møtet direkte eller i opptak, her på nettsida eller på Facebook.

Her kan du lese alle sakspapira.

Økonomien etter dei første åtte månadane

Rapporten for dei åtte første månadene i 2026 viser eit meirforbruk på om lag 9,1 millionar kroner. Prognosen peikar mot eit meirforbruk på over 15 millionar kroner for heile året dersom det ikkje blir sett i verk nye tiltak. Alle sektorane bortsett frå Velferd og Vertskommunesamarbeid hadde meirforbruk på rapporteringstidspunktet.

Kommunedirektøren vurderer situasjonen som alvorleg og peikar på behovet for fleire tiltak, tydelege prioriteringar og tett oppfølging. Samstundes er handlingsrommet for ytterlegare innsparingar avgrensa i delar av organisasjonen.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret godkjenner rapporten for andre tertial slik han ligg føre.

Her kan du lese heile rapporten.

 

Husleige i nye omsorgsbustader på Pålhaugane

Kommunestyret skal fastsetje husleiga for dei 21 nye omsorgsbustadene på Pålhaugane. Bustadene er bygde for personar som får tenester frå bu- og habiliteringstenesta. Administrasjonen la opphavleg fram tre alternative husleigenivå, frå 13 000 til 24 000 kroner i månaden, i tillegg til 1 300 kroner i felleskostnader.

Formannskapet har kome med eit nytt alternativ og innstiller på at kommunestyret fastset samla husleige til 12 000 kroner i månaden per bustad, inkludert felleskostnader. Straum til eige forbruk og nettleige kjem i tillegg. Leiga skal vere lik for alle bustadene.

Formannskapet grunngir framlegget mellom anna med at mange av bebuarane har avgrensa inntekt og få reelle høve til å velje ein rimelegare, eigna bustad. Med 21 utleigde bustader gjennom eit heilt år gir framlegget 579 600 kroner mindre i leigeinntekter enn alternativet med 13 000 kroner i husleige og 1 300 kroner i felleskostnader. 

 

Mogleg økonomisamarbeid med nabokommunane

Kommunestyret skal vurdere om Hareid skal be om å få bli med i økonomisamarbeidet som Herøy, Sande og Ulstein har vedteke å etablere. Ulstein skal vere vertskommune. Målet med samarbeidet er mellom anna å få eit større fagmiljø, redusere sårbarheita og utvikle meir robuste og effektive økonomitenester.

Bakgrunnen er mellom anna at bemanninga ved økonomikontoret i Hareid er redusert. Frå 1. januar 2027 forsvinn også økonomileiarfunksjonen når noverande økonomileiar går av med pensjon.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret ber om å få slutte seg til samarbeidet. Dersom dei andre kommunane seier ja, er planen at Hareid går inn frå 1. januar 2028. Ei ny avtale skal leggjast fram til politisk handsaming innan utgangen av 2026. Kommunedirektøren skal også avklare med Ulstein korleis Hareid kan få kjøpt nødvendige økonomitenester i overgangsåret 2027. 

 

Éin valkrins i Hareid

Ved stortingsvalet i 2025 prøvde Hareid ei mellombels ordning med berre éin valkrins. Evalueringa viser at ordninga gav enklare administrasjon, mindre bemanningsbehov og betre oversikt over valgjennomføringa. Ingen har meldt frå om at dei ikkje fekk røyste på grunn av endringa.

Formannskapet vedtok i september å ta sikte på å gjere ordninga med éin valkrins fast, men sende framlegget på høyring før kommunestyret tek endeleg stilling. Både levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet har støtta ei fast ordning med éin valkrins. Det kom ikkje andre høyringsuttalar.

Formannskapet innstiller på at Hareid gjer ordninga med éin valkrins fast frå kommune- og fylkestingsvalet 2027. Saka kjem no til kommunestyret for endeleg avgjerd. 

Her kan du lese evalueringa etter stortingsvalet 2025 – første med ein valkrins i Hareid.

 

Valdagen i 2027

Den offisielle valdagen for kommune- og fylkestingsvalet i 2027 er måndag 13. september. Kommunestyret kan bestemme at Hareid også skal halde val søndagen før. Hareid kommune har ikkje hatt søndagsval tidlegare.

Administrasjonen viser til at veljarane nyttar førehandsrøystinga godt, og at det ikkje har vore utfordringar med kapasiteten i vallokala på sjølve valdagen. Val over to dagar vil også føre til ekstra kostnader.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret vedtek at det blir halde valting i Hareid kommune måndag 13. september. Det blir dermed ikkje lagt opp til søndagsval. 

 

Folkerøysting om kommunesamanslåing

Kommunestyret får også eit notat om ei mogleg rådgivande folkerøysting om kommunesamanslåing i 2027. Bakgrunnen er at kommunestyret tidlegare har bede administrasjonen vurdere å leggje til rette for ei slik folkerøysting samtidig med kommunevalet.

Notatet konkluderer med at det praktisk er mogleg å gjennomføre ei folkerøysting samtidig med valet. Den største utfordringa er kva innbyggjarane konkret skal røyste over. Administrasjonen peikar på at det bør vere klart om røystinga skal handle om å delta i vidare samtalar, velje mellom ulike alternativ eller ta stilling til ei konkret kommunesamanslåing. Ei folkerøysting utan eit klart alternativ kan gjere resultatet vanskeleg å bruke som grunnlag for vidare politiske avgjerder.

Notatet står som referatsak på saklista. Det ligg dermed ikkje føre noko framlegg til vedtak om folkerøysting i denne saka, men kommunestyret får høve til å diskutere vurderingane som ligg i notatet.

Her kan du lese heile notatet.

 

Namn på ny veg i Pålhaugen

I samband med utbygginga av bustadområdet Pålhaugen 3 skal kommunestyret fastsetje namn på ein ny kommunal veg. Namneutvalet har tilrådd «Pålhaugstubben». Framlegget har vore på høyring utan at det kom innspel, og stadnamntenesta støttar både namnet og skrivemåten.

Namnet byggjer på det etablerte stadnamnet Pålhaugen og passar også inn saman med andre korte vegar i området som endar på «-stubben», mellom anna Myrastubben, Brekkestubben og Remastubben.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret fastset namnet på den nye vegen til Pålhaugstubben. 

 

Fritak frå oppmålingsgebyr for Torkelgarden

Torkelgarden har søkt om fritak frå gebyr for oppmåling og registrering i samband med frådeling av om lag fire dekar. Gebyret er rekna til 39 200 kroner. Føremålet med frådelinga er å vidareutvikle eit levande opplevingsmuseum og ta vare på kulturhistoriske bygningar.

Kommunedirektøren tilrådde å avslå søknaden. Det blei mellom anna vist til kommunen sine kostnader, omsynet til likebehandling og at eit fritak kan føre til fleire tilsvarande søknader seinare. Næring- og miljøutvalet kom til ein annan konklusjon og gjekk samrøystes inn for fritak.

I formannskapet fekk forslaget om fritak fire røyster, medan tre røysta for kommunedirektøren sitt forslag om avslag. Formannskapet innstiller dermed på at kommunestyret gir Torkelgarden fritak frå gebyret. 

 

Vidare oppfølging av privat fyrverkeri

Kommunestyret bad i 2025 om ei sak om moglegheita for å regulere mot privat fyrverkeri når nødvendige lovendringar var på plass. Stortinget har seinare bede regjeringa leggje til rette for at kommunane kan få høve til å regulere eller forby privat fyrverkeri. Det betyr likevel ikkje at kommunane har fått høve til å innføre eit slikt generelt forbod enno.

Administrasjonen meiner derfor at kommunen ikkje bør starte arbeidet med lokale reglar før dei nasjonale reglane og kommunen sitt handlingsrom er avklart.

Formannskapet innstiller på at kommunestyret tek saka til orientering og ber kommunedirektøren leggje fram ei ny sak dersom nødvendige lovendringar som gir kommunane høve til å regulere eller forby privat fyrverkeri, trer i kraft.