Mange ledige stillingar i barnehage - både faste og vikariat

Vi treng både pedagogisk leiar, fagarbeidarar og assistentar.

dronebilete av Hareid barnehage - Klikk for stort bileteDei faste stillingane er for tida knytt til Hareid barnehage rett utanfor Hareid sentrum på ytre Hareid. Erlend Friestad

Vi har frå 1. august 2024 ledig 100 prosent-stilling som barnehagelærar/ pedagogisk leiar. Arbeidsplass er for tida Hareid barnehage. Barnehagen ligg på solsida i sentrum, og har plass til om lag 32 barn fordelt i to avdelingar. I tillegg har vi eit tilbod for barn frå Hareid mottakssenter.

Les meir og søk. Frist er 13. juni.

Vi har frå august av ledig faste heile stillingar som fagarbeidar eller assistent.
Hareid barnehage ligg på solsida i sentrum, og har plass til om lag 32 barn, fordelt på to avdelingar. I tillegg har vi tilbod for inntil fem barn frå Hareid mottakssenter.

Les meir og søk. Frist er 13. juni.

Alle stillingane er i Hareid barnehage rett utanfor Hareid sentrum. 

I tillegg har vi eit stort behov for vikarar i kortare eller lengre periodar som barnehagelærarar, fagarbeidarar eller assistentar. Er du ferdig med studier for våren 2024 / ferdig med vidaregåande skule /folkehøgskule? Lurer du på kva du skal gjere framover? Søk då vel!

Her kan du melde deg som vikar.