Markering av Frivilligåret 2022
Laurdag 26. november ynskjer Hareid kommune å markere Frivilligåret 2022, i samband med marknaden i julegata.
Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Alle er invitert, og vi ynskjer særleg dei som er med på frivillig arbeid i kommunen velkomne!
Frivilligheita er på mange måtar limet som held samfunnet saman. Hareid kommune har eit sterkt og mangfaldig frivillig «arbeidslag» som bidreg til å skape trivsel, bulyst og samhald. Vi ynskjer med denne markeringa å feire frivillige lag, organisasjonar og alt det viktige dugnadsarbeidet som vert lagt ned her på Hareid.
Frå kl. 13.30 deltek vi i programmet frå scena med tale ved ordførar Bernt Brandal, appell frå ein sambygding og tildeling av Frivilligprisen 2022.
Vi serverer kaffi og kaker, gløgg og pepperkaker!
Håper å sjå deg der! :)
Sist endra 30.12.2022 09:13