Raskt og enkelt via nett!
Hareid kommune har ansvar for gate- og veglys, og har driftsavtale med Eviny som utfører sjølve arbeidet med å skifte pærer og anna vedlikehald på gatelysnettet.
Det enklaste er å melde inn feil direkte på Eviny si kartteneste.
Lenka til denne tenesta finn du på både Eviny si heimeside, og på Hareid kommune si heimeside.
Du kjem også direkte til karttenesta ved å trykke på knappen nedst i denne artikkelen.
- Bruk adressesøk eller zoom inn på kartet for å finne det gatelyset du ønsker å melde feil på.
- Trykk på "Registrer veilysfeil". Klikk på lampen som du vil melde feil på. Fyll inn informasjon om feilen og send inn.
Om du er i tvil om korleis du melder feil så kan du ringe Servicetorget i Hareid kommune og få rettleiing.
Det kan ta litt tid
Feil vert retta fortløpande av Eviny, som kjem til Hareid når dei har samla fleire oppdrag i kommunen. Det kan difor ta nokre veker frå ein melder ifrå til lyset vert fiksa. Det kan og skje at til dømes vegkryss må prioriterast før små blindvegar.
Vi ber om forståelse for at det kan ta litt tid før lyset kjem på att.
Klikk og meld om mørke gatelys