Neste møte i formannskapet blir her

Ordførar Tine Storøy i Herøy kommune har tatt initiativ til eit fellesmøte for formannskapa i Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven. Tema er forsterka samarbeid på ytre søre Sunnmøre.

Fosnavåg sett frå sjøen - Klikk for stort bileteNeste møte i Hareid formannskap blir i Herøy kommune, nærare bestemt i Fosnavåg. Svein Arne Orvik/Herøy kommune

Møtet blir halde på Thon Hotel Fosnavåg torsdag 22. august klokka 11.30–15.30.

– Grunnen til initiativet er at vi treng å ta den gode nabopraten. Alle kommunane står i tøffe økonomiske utfordringar. Vi må samhandle betre for å få på plass gode tenester og samtidig spare pengar i åra framover, seier Storøy.

Slik ser programmet ut:

  • Velkomen ved Tine Storøy, ordførar i Herøy
  • Perspektivforedrag ved Geir Vinsand i Nivi Analyse:
    • utfordringar og langsiktige modellar for kommuneutvikling, med vekt på det regionale og nasjonale bildet
    • generalistkommunen si stilling
    • tankar om tyngdepunktorganisering av Møre og Romsdal og av Noreg
    • kommunane som endringsleiarar
    • forsterking av rolla som samfunnsutviklarar med meir
  • Lunsj
  • Moglegheit for forsterka samarbeid på ytre søre Sunnmøre, med forslag til stegvis omstilling, vekt på anbefalt interkommunal arkitektur, modne samarbeidsområde, heilskapleg og balansert organisering, grunnavtale med mål og prinsipp som første steg (Geir Vinsand)
  • Gruppearbeid/refleksjonar i dei ulike formannskapa
  • Avslutning – vegen vidare