Ni frå Hareid til fylkesfestivalen i UKM

Ni ungdomar reiser ilag med kulturleiar Melinda Skeide til fylkesfestivalen i Aure Arena i haustferien.

Bandet Angel Wings of Fire skal reise til fylkesfestivalen i UKM no i haustferien. Biletet er frå opninga av ungdomsklubben då dei opptrådde. Erlend Friestad

Frå 10. - 12.oktober skal over 160 ungdomar frå heile fylket vere med på sceneshow, kunstutstilling, workshops og fleire sosiale aktivitetar. Det blir heile fire sceneshow og desse er opne for publikum om nokon til ta seg ein tur til Aure.

Det blir også kjekke workshops som deltakarane kan melde seg på. Dei kan lære å lage sushi, moderne dans, improteater, lyd og lys, band eller skyting på blink ilag med skyteklubben i Aure.

Frå Hareid er desse deltakarane med:

  • Jetmund Liaset-Rætta med song og som arrangør
  • Amalie Leine med song
  • Anette Johannessen med kunst og som arrangør
  • Lineah Åsmo med song og kunst
  • Andreas Austnes Mork med pianospel
  • Camilla Brandal, Isak Andersen, Mikael Kvalsvik og Håkon Nytun  i bandet Angel Wings on Fire.