No er flytebrygga på plass på Overåsanden

Der skal ho ligge heile året frå no av.

Brygga, båten og fjella - Klikk for stort bilete Tone-Lise Osnes Bilete av badebøyene - Klikk for stort bileteInnanfor desse bøyene er det ikkje lov å gå for båtar med motor eller segl. Det er ikkje lov å fortøye på innsida av brygga. Tone-Lise Osnes Bilete av mannskapet på båten. - Klikk for stort bileteMontørane i sving frå Marina Solutions var: Bent Ole Stennes, Hans Jarle Røsvik og Espen Eikrem. Tone-Lise Osnes

Flytebrygga blei slept frå Dimo på Hareid til Overå i starten av veka og er no forankra fast ved monumentet og landgangen, for å kunne ligge ute heile året.

Det er Marina Solutions som står for forankringa etter kontrakt med eining for kommunalteknikk i  Hareid Kommune.

Godt ankra

Dei har nytta to sandanker, to dempelodd og totalt 90 meter med kjetting med rykkdemparar som skal kunne tole kraftig vind og vêr på Overå. Dette kostar noko meir enn vanleg fortøying, men vi vil spare denne kostanden inn raskt, fordi vi slepp dei årlege utgiftene til å ta inn brygga, lagre og setje ho ut igjen.

Båttrafikk og badebøyer

Nytt av året er at vi også har fått opp markeringsbøyer for offentleg badestrand. Det er for å lage eit tydeleg skilje mellom båttrafikk og badegjestar. Vi har tidlegare år hatt uheldige situasjonar der båtar har gått tett inn på stranda, ja til og med opp på stranda, blant dei badande. Det har ført til nestenulukker.

Innanfor badebøyene er det ikkje lov å gå med motor eller segl.

Desse ligg frå kortsida på flytebrygga og på tvers over stranda. Det vil derfor ikkje vere lov å fortøye båt på innsida av brygga. Årsaka til at bøyene er plassert slik, er at brygga blir mykje brukt til bading.

Båtførarar må også vere merksame på at går dei nærare bøyene enn 50 meter, er maksfarten 5 knop.

Bading frå brygga

Badande frå brygga må ikkje stupe eller hoppe frå kortsida sidan det  går kjettingar frå kortenda av brygga og ut i vatnet. Vi kjem til å setje opp skilt med åtvaring og livbøye her. Det vil også gjere det mindre naturleg å hoppe i den retninga.

Vi vil vurdere å ta inn sjølve landgangen om vinteren, både på grunn av sikkerheit og for å hindre at han blir skada.