No fiksar vi Kvitholvegen
Kvitholvegen er i dårleg stand, men no skal den få ny grus.
Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Anleggsarbeidet vert starta opp 9. mai og vegen vert difor stengt for køyrande frå denne dag. Det er estimert at arbeidet varer ut mai. Gåande skal kunne bruke vegen i perioden. Det blir sett opp skilt i kvar ende om at vegen er stengt i denne perioden.
Innbyggarar i Kvitholvegen vil også bli varsla via tekstmelding. Entreprenør vil avtale direkte med dei som har næringsverksemd langs grusdelen.
Det er Kleppe & Brekke som skal utføre arbeidet etter at dei vant anbodskonkurransen.
Publisert av Erlend Friestad
Sist endra 09.05.2023 09:06