No gler vi oss til 13.juni og første cruiseanløpet til Hareid! - Hareid kommune

No gler vi oss til 13.juni og første cruiseanløpet til Hareid!

13. juni legg cruiseskipet MS Artania til kai. Det blir ein historisk dag for Hareid kommune og alle er inviterte til å delta.

MS ARTANIA

Skip til ka - Klikk for stort bilete Trondheim hamn / lisens cc 2.0

MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.

  
Lengde231 m
Breidd29 m
Bruttotonnasje44 500 
PassasjerkapasitetInntil 1 200
Passasjerdekk9
Kabinar600 (alle utvendig)

Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.

MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden.

Fem personar som står i ein hage. Bak dei eit stort tre, til høgre ei gamal stove. - Klikk for stort bileteBesøk på Eliasgarden er eit nytt tilbod til turistar som kjem til Hareid. Her får shoreex-agent Anne Klyve Olsen omvisning. Larysa Parkhomenko

Det har vore jobba langsiktig og målretta for å få cruiseskip til Hareid gjennom gode samarbeid med mange partar. 

- Bakgrunnen for satsinga på cruise er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte, seier kommunedirektør Bent Arild Grytten.

Han fortel om eit godt samarbeid politisk og administrativ. Det er etablert både eit internt reiselivsteam og Hareid Cruisenettverk som består av representantar frå kommunen, Visit Northwest, eksterne lokale aktørar og Vekst i Hareid.

 

Positivt for bulyst

Ordførar Bernt Brandal legg til at lokalsamfunnet elles også har gode moglegheiter til inntekter.

- Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som er positive for besøks- etablerings – og bulyst, seier han.

 

Konferansesalen på ishavsmuseet. - Klikk for stort bileteTorsdag i førre veke var reiselivsteamet, reiselivsaktørane og cruiseagent Anne Styve Olsen samla på Ishavsmuseet for å gå gjennom dagen når Artania ligg til kai i Hareid kommune. Larysa Parkhomenko

Fleire kan tene

Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata denne dagen.

- Vi har tru på at satsinga på cruise vil kome mange til gode. Hareid har store moglegheiter og med den sentrale plasseringa vår, austvendt og skjerma, seier han.

Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.

 

Rikhaldig meny

Kulturleiar Melinda Skeide og hamnesjef Johannes Alme fortel at det meste no er i ferd med å falle på plass – sjølv om det framleis er mange detaljar som må jobbast vidare med.

Torsdag førre veke var shoreex-agenten Anne Klyve Olsen frå Olsen Cruise Service på besøk. 

Ho har ansvaret for logistikken på alle utflukter og aktivitetar som gjestane har bestilt på førehand. Til anløpet 13. juni har ho valt å tilby gjestane desse utfluktene:

  • Besøk på Ishavsmuseet med historieforteljing
  • Guida tur med Polarstar til monumentet på Overå og til Kvitneset
  • Besøk hos Hodr Hjørungavåg Vikingsete med historieforteljing, omvising og aktivitetar ute
  • Besøk på Eliasgarden med historieforteljing og ulike aktivitetar
  • Guida tur på Rotarystien
  • Panoramatur med buss og guiding
  • Båttur innover fjordane

Reiselivsteamet og dei lokale aktørane Anne har inngått avtale med, var samla på Ishavsmuseet for ein prat og gjennomgang av tidsplanen for dagen. Det vart også tid til ein biltur slik at Anne fekk sjå seg rundt på Hareid, og besøke dei lokale aktørane. Tilbakemeldingane frå Anne var svært positive. Ho hadde mange gode utflukter å velje mellom, var svært fornøgd med jobben som er gjort lokalt og ser store moglegheiter for Hareid som cruisedestinasjon. 

 

Cruise-agent Anne Styve Olsen fotograferer innsida av Hodr Hjørungavåg vikingsete. Ronny Nipen, styreleiar i Hodr, Melinda Skeide, kulturleiar i Hareid kommune, og Tom Anker Skrede, frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (no Visit Northwest) og styreleiar i Hareid cruisenettverk. Larysa Parkhomenko

Meir kjem

Ikkje alle dei lokale tilboda passar til alle cruiseskipa sine gjestar, så nokre av dei lokale aktørane vart ikkje valt denne gongen. Avhengig av kva type gjestar skipa har med og kva som passar for desse, kan andre bli valt på neste cruiseanløp. I tillegg til dei ovannemnde tilboda kan shoreex-agentane velje mellom desse:  

  • Guida tur til Håbakknotten
  • Guida tur med arkeolog på Overå
  • Besøk, konsert og historieforteljing i Hareid kyrkje
  • Konsert med Corsonus
  • Tur til Runde
  • Besøke Hareid Sauna 
  • Medlemskap i Explorers Club
  • Golf og fotballgolf hos Sunnmøre Golfklubb
  • Lokalmat ilag med kokk på Millenium Kafé

 

- Tilbakemeldinga både frå Anne og andre agentar vi har kontakt med, er at vi har svært gode lokale utfluktstilbod her på Hareid, fortel kulturleiar Melinda Skeide.

Det har vore jobba målretta med dette heilt frå starten med opne folkemøte og fram til arbeid med ein og ein aktør for å etablere attraktive tilbod. Tom Anker Skrede frå Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (no Visit Northwest) er styreleiar i Hareid Cruisenettverk og har vore til god hjelp i dette arbeidet. I tillegg har Larysa Parkhomenko frå kommunen bidrege med foto og film og gode presentasjonar som har vore viktige i arbeidet med å profilere Hareid som cruisedestinasjon.

 

Godt kai-samarbeid

Hamnesjef Johannes Alme legg til at det gode samarbeidet med Ulmatec og HG som kaieigarar har vore viktig for å få til denne satsinga. 

- Kommunekaia ved Godsterminalen/Dimo kan nyttast til mindre skip, men skip på størrelse med Artania vil vere for store. Vi er derfor svært takksame for avtalen om å nytte kaia ved Ulmatec, seier han.

Når Artania kjem, vil det bli lagt opp til mange aktivitetar i sentrum også.

- Vi ønsker å vise fram Hareid frå si beste side, med eit levande sentrum og engasjerte innbyggjarar, seier Melinda Skeide.

 

Kor, korps og vikingar

Vekst i Hareid er ein viktig samarbeidspartnar i arbeidet med cruise, og prosjektleiar i Vekst i Hareid, Christine Erdal, vil i samarbeid med Aktivitetsgate-gjengen legge til rette for marknadsgate med buer. Ho oppmodar butikkar og restaurantar til å gjere ekstra stas på gjestane denne dagen. Det vil også bli eit velkomstopplegg når Artania legg til kai, med både song, korps og vikingar. Meir informasjon vil kome etter kvart, og har du lyst å bidra med noko er det berre å ta kontakt. 

Vi gler oss, og håper heile kommunen vil vere med å feire det første cruiseanløpet til Hareid kommune!