No har han takka ja til å bli fastlege på Hareid

Hassan Parandeh har takka ja til å bli fastlege på Hareid. 

Hassan Parandeh ved legeskrivebordet - Klikk for stort bileteHassan Parandeh skal vere turnuslege på Hareid legesenter fram til i vår. Når turnusen er ferdig, startar han opp som fastlege. Erlend Friestad

Han startar i jobben 1. mars når han er ferdig med turnusen som han har på Hareid legesenter. 

Under kan de lese den spesielle historien til Hassan og vegen frå asylsøkar til lege. Den fortalte han då han starta som turnuslege i haust.

***

Erfaringa som asylsøkar gjer at den ferske turnuslegen på Hareid legesenter, Hassan Parandeh, har ei større forståing for kor mykje bekymring kan øydeleggje for eit menneske.

I 2011 var det ikkje mange som hadde sett føre seg at Hassan Parandeh skulle ende opp som lege, relativt kort tid etter. Då hadde han akkurat kome til Noreg saman med familien som 15-årig asylsøkar frå Iran. Men allereie fyrste året på vaksenopplæringa blei interessa vekka, menneskekroppen og biologi var spennande.

- Eg visste nok ikkje kor høg terskelen var for å kome inn på medisinstudia, då interessa dukka opp. Det var heller ikkje lett å starte på vidaregåande utan å snakke språket veldig godt. Det var ganske skremmande i starten. Men elevane og lærarane var veldig gode. Eg fekk meg gode vener og lærarane var flinke til å følgje meg opp. Etter kvart såg eg at målet var innanfor rekkevidde, seier han.

Og målet nådde han. Etter dei vanlege tre åra på vidaregåande studiespesialisering, berre fem år etter at han kom til Noreg, gjekk han ut med karakterar som sende han rett inn på medisinstudiet i Bergen.

 

Ingen rettar eller pengar

Det var berre eitt problem. Asylsøknaden til familien var avist. Det same blei omgjeringssøknadane. Han var ein sokalla «papirlaus».  Konsekvensen var at Hassan ikkje hadde nokon rettar. Ikkje hadde han rett på opphald, rett på å få arbeide eller rett på lån og stipend.

- Å ikkje vite, var ei stor påkjenning. Eg kunne risikere å bli uttransportert på kort varsel, fortel han

- Korleis klarte du deg økonomisk i studietida utan lån og stipend eller moglegheita til å jobbe?

- Eg hadde gode vener og støttespelarar som støtta meg økonomisk. Det motiverte meg til å gjere ein god jobb.

Studia hjelpte også med å halde usikkerheita rundt asylsøknaden på avstand.

- Det å gå på skule og ha vener rundt seg var eit lyspunkt. Mor har lært meg at det ikkje er vits å sitje å deppe, då oppnår du ingenting., seier Hassan.

I 2018 kom den gode nyheita: Asylsøkanden hadde blitt innvilga. Opphaldet var sikra.

 

Høyrt godt om Hareid

Fram til i vår skal han vere lege i spesialisering del 1 (LIS1), det som blir kalla turnuslege i daglegtale, ved Hareid legesenter. Hassan bur i Ålesund og han valde å søkje seg til Hareid av to grunnar.

- Eg ønska å vere ute i distrikta. Eg hadde ein fin jobb som student i sommarferiane i Bjørnafjorden kommune som fastlege og legevakt. Det gav meirsmak. I tillegg har eg høyrt mykje bra om legesenteret frå førre turnuslege. Han fekk god opplæring, hadde gode kollegaar og lærte mykje, seier han.

- Vel ein månad ut turnusperioden, har forventningane slått til?

- Ja! Inntrykket stemmer. Det er ein veldig fin kultur her. Legane er flinke og svarer på spørsmål. Vi har mange treffpunkt både fagleg og meir sosialt då vi fast lønsj saman kvar dag, Då er heile legekontoret med, ikkje berre legane. Dette meiner eg er veldig viktig på alle arbeidsplassar, seier han.

Når han er ferdig med turnusen ønsker Hassan å jobbe på legekontor for å spesialisere seg i allmennmedisin.

- Eg likar å møte menneske i forskjellige livssituasjonar og i dette yrket får eg moglegheit til å hjelpe. Som fastlege får eg også følgje pasientane over tid. I tillegg har du den faglege breidda i allmennmedisinen. Eg er innom enormt mykje forskjellig i løpet av ein dag. Det er utfordrande, men også fint, seier han.

 

Forståing

Hassan trur bakgrunnen hans som asylsøkar har gitt han erfaringar som han kan nytte som lege.

- Eg har kanskje ei anna forståing for kor mykje bekymring kan oppta eit menneske og øydeleggje. Å ha bakgrunn som flyktning gjer at eg kan forstå utryggheita dei kjenner på, kva dei saknar og språkutfordringane dei står ovanfor. Det er ei stor befolkningsgruppe, seier han.

- Kva tenker du om fastlegekrisen som Noreg står ovanfor?

- Vi som er legar likar faget og menneska vi møter. Det er rammene rundt som det må gjerast noko med. Det er viktig at arbeidsgivarane legg til rette slik at vi kan ha eit normalt liv utanom jobben. Det verkar som om det er endringar på gang her.