Næringsfondet har fått tilført 515.501 kroner i fylkeskommunen si tildelingsrunde for 2023. Det er no mogleg å søke på desse midlane. Næringsfondet kan støtte prosjekt med inntil halvparten av prosjektkostnaden, maksimalt støttebeløp er likevel 150.000 kroner.
Skal du til dømes investere i utstyr til ein verdi av 200.000 kroner, kan du få 100.000 kroner i støtte. For prosjekt som har eit kapitalbehov på 300.000 kroner eller meir, vil det uansett ikkje bli gitt meir støtte enn 150.000 kroner.
Tiltak som får støtte frå næringsfondet må bidra til å skape nye eller sikre eksisterande arbeidsplassar. Støtta frå fondet skal ha ein utløysande effekt på prosjektet.
Tilskotet blir delt ut etter retningslinjene for kommunale næringsfond vedteke av kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 01.02.2022. Dei kan du lese om her.
Søknadsfrist for behandling før sommarferien er 12. mai 2023.
Det er næring- og miljøutvalet som handsamar søknadane.