No opnar fjordsaunaen!

No opnar den flotte fjordsaunaen ved Hareid hamn gjestebrygge. 

Saunaen er open dagleg og vi håpar at den vil verte eit populært tilbod. Vi ynskjer å tilby eit produkt i den øvste kvalitetsklassen. Fasilitetane vil derfor verte inspiserte og reingjorde fleire gongar om dagen.

Fjordsaunaen vert i år lansert med ein oppstartspris. Etter at vi har fått samla inn erfaringar frå bruksmønster og erfaringar frå besøkande, vil servicenivå, tilbod og pris verte tilpassa deretter.

Ordensreglane for servicebygget og saunaen finn du oppslag på i saunaområdet og på www.hareidhamn.no (på engelsk – norsk versjon kjem snart).

Du kan parkere gratis på parkeringsplassen nedanfor Melshorn hotell (sjå kart under).  Alternativt kan du parkere på parkeringsplassar ved ferjeterminalen mot avgift. Sjå www.hapark.no for meir informasjon.

Bestilling gjer du på: https://www.havneweb.no/hareid-gjestehavn/?mod=utleie

Velkomen!

Frå sjølve saunaen har du flott utsikt til hamnebassenget Erlend Friestad Gratis parkering nedanfor Melshorn hotell.