No skal det bli betre lys langs vegen

Hareid kommune i ferd med å oppgradere gatebelysninga langs skulevegen til barneskulane.
Montør i lift som monterer ny lampe i gatelys - Klikk for stort bileteSjølve monteringa vert utført av energiselskapet Eviny AS. Her er ein av dei første lampane på plass. Hareid kommune     

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Det vart i år løyvd midlar til å skifte til LED-armatur, noko som vil gje både betre lys på kort sikt og sparing på lang sikt – i form av lavare driftskostnader og mindre vedlikehald.

Armatur til gatebelysning - Klikk for stort bileteGamalt må vike for ny teknologi. Hareid kommune Harald Berstad, fagkoordinator for veg og gatelys i Hareid kommune, seier at det er heile 160 armaturar som skal byttast, så det er litt jobb. 

– Vi har valt å prioritere tilkomstvegene til alle barneskulene fyrst. Vi gjer det for å auke sikkerheita til skuleelevane med tanke på sikt og synlegheit. Vi håper at fotgjengarane vil merke at disse lampane lyser mykje betre og også at borna vil føle seg tryggare på skuleveg.

I det heile vil dette gje oss eit betre gatemiljø. Det vert og etablert heilt nye gatelys nokre stadar. Desse vil vere tilknytta dropp-soner ved skulane.

– Arbeidet er i gong, og skal etter planen vere ferdig før haustmørket set inn, opplyser Berstad.