No startar vi å detaljregulere Raffelneset næringspark – vi vil ha di meining

Planen er å leggje reinseanlegg og djupvasskai hit.

Dronebilete av området som skal regulerast - Klikk for stort bileteDette er området som skal detaljregulerast. Erlend Friestad

I samband med oppstart av planarbeidet inviterer Hareid kommune til eit ope folkemøte den 14. november 2024, klokka 18.00, i kommunestyresalen på Hareid rådhus.

Her vil du få informasjon om planprosessen, og du får høve til å komme med spørsmål og innspel til planarbeidet.

 

Reinseanlegg og djupvasskai

Målet med reguleringsplanen er å oppdatere planen for næringsområdet på Raffelneset, og samtidig legge til rette for etablering av reinseanlegg for avlaupsvatnet vårt. Det skal også bli regulert djupvasskai og samanhengande gang- og sykkelveg til sentrum. Djupvasskaia skal til dømes kunne bli brukt av cruiseskip, fiskebåtar eller i samband med verksemd på næringsområdet.

 

Planområdet

Planområdet ligg på Raffelneset, omtrent ein kilometer søraust for Hareid sentrum. Reinseanlegget er planlagt plassert innanfor eigedomane 41/1104 og 41/1287. Det er tatt med eit større areal i sjø for plassering av djupvasskai, i tillegg til areal langs fylkesveg der vi ønsker å etablere gang- og sykkelveg. Plangrensa er satt med hensikt å få god samanheng mellom gjeldande planer og planforslaget. Det er derfor valt å ha ei romsleg plangrense.

Kart der plangrensene er markert. - Klikk for stort bilete

Forhold til overordna plan og gjeldande planer

Området er i kommuneplanen sett av til næringsverksemd, og er regulert til næring og industri i gjeldande reguleringsplanar.  Denne typen planar skal konsekvensutgreiast og ha eit planprogram. Når vi no varslar at planarbeidet skal starte, er det for å kunne avdekke om planen kan komme i konflikt med viktige omsyn i området. Naboar og aktuelle parter får moglegheit til å komme med innspel til planprosessen på et tidleg tidspunkt. Vi vil då lettare kunne ta omsyn til innspela, enten det gjeld kva som skal utgreiast, viktige interesser som må tas hand om, eller avbøtande tiltak som bør vurderast. Etter at plandokumenta er utarbeida og politisk behandla i kommunen, vil planforslaget sendast ut på høyring med ny anledning til å gi innspel. Etter høyringsperioden vil planforslaget reviderast før det kan bli vedtatt av kommunestyret.

 

Kontaktinfo og frist for innspel

Innspel til varsel om oppstart av detaljregulering og planprogram må bli sendt innan 8. desember 2024 på e-post til anna.hellstrom@asplanviak.no eller i brev til Asplan Viak AS, Lerstadvegen 545, 6018 Ålesund. For andre spørsmål eller meir informasjon kan du ta kontakt på telefon 476 72 792.

 

Dokument

Under finn du ei oversikt over alle viktige dokument i saka.

Raffelneset næringspark høyring planoppstart
Tittel Publisert Type
Varslingsbrev Raffelneset næringspark

25.10.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Varslingsbrev.pdf
Planprogram høyringsutgåve Raffelneset næringspark

25.10.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planprogram høyringsutgåve.pdf
Vedtak - Bygging av reinseanlegg for avløp i Hareid sentrum - val av tomt 21.11.23

25.10.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Vedtak - Bygging av reinseanlegg for avløp i Hareid sentrum - val av tomt 21.11.23.pdf
Planinitiativ Raffelneset næringspark

25.10.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Planinitiativ.pdf
Kart over planområdet Raffelneset næringspark

25.10.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Kart over planområdet.pdf
Oppstartsmøtereferat - Raffelneset næringspark

25.10.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Oppstartsmøtereferat - Raffelneset næringspark.pdf
Strategisk notat 10.10.23 Raffelneset næringspark

25.10.2024 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Strategisk notat 10.10.23.pdf