Ny etappe på vegen mot ferdig budsjett 4. november

Formannskapet skal ha eit nytt arbeidsmøte om budsjettet for neste år no på måndag.

Det blir ein drøfting- og innspelssak der også gruppeleiarane frå partia som ikkje er representerte i formannskapet får delta. Den same invitasjonen har gått til leiarane av levekårsutvalet og næring- og miljøutvalet.

Du kan sjå møtet direkte eller i opptak her eller på Facebook-sida vår.

 

Her er alle dei moglege kuttforslaga som kommunedirektøren har funne - og viser til i presentasjonen sin. Dette er ikkje eit forslag, men viser til moglege kuttforslag.

(Du finn kutta ved å trykke på dei tre strekane øvst til høgre. Her er kutta sortert etter sektor.)

LES OGSÅ: Få oversikt over merkedagane i budsjettprosessen og korleis du kan kome med innspel

Etter budsjettdiskusjonen skal det ordinære formannskapet mellom anna handsame følgande saker:

Endring av adresseforskrift

Kven skal gi råd om og bestemme namna på nye vegar og andre stadnamn i Hareid kommune? Dette er det adresseforskrifta som regulerer. Den vi har per no er gamal, og det er på tide å revidere ho. Sidan dette er ei forskrift, skal ho ut på høyring.

Les meir her.

Plan for vatn og avlaup

Kommunedelplanen for vatn og avløp er ein plan som skal ivareta Hareid kommune sitt ansvar for å sikre innbyggarane tilgang til reint drikkevatn og gode avløpsløysingar. Planen viser ein oversikt og status for infrastruktur og anlegg innan for vatn og avløp og legg til rette for ei strategisk utvikling som gjer det mogeleg å møte framtidige behov og utfordringar. No har forslaget til plan vore ute på høyring. Formannskapet skal handsame saka før ho skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret i slutten av november.

Les meir her.

Strategisk næringsplan

Hareid kommune har gjennom arbeidet med forstudie og forprosjekt i «næringsvennleg kommune» utarbeida ein strategisk næringsplan for Hareid kommune. Planen er utvikla som eit strategisk og langsiktig dokument, og skal ligge til grunn for utviklinga av nye og meir koordinerte handlingsplanar. Planen har vore på høyring og vert no meldt opp til politisk sluttbehandling. Formannskapet skal handsame saka før endeleg vedtak i kommunestyret i slutten av november.

Les meir her.

Les heile innkallinga for møtet og alle sakspapir og vedlegg her.