Nye leiarar på plass på rådhuset

Ruben Kenneth og Cecilie har tatt over roret på teknisk avdeling og plan- og byggesak.

Portrett av Ruben og Cecilie foran rådhuset - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Ruben Kenneth Brandal blir ny, fast leiar for kommunalteknikk. Denne avdelinga har i hovudsak ansvar for vatn, avlaup og veg.

Cecilie Breiteig blir ny, fast leiar for plan, byggesak og geodata. Hennar avdeling har i hovudsak ansvar for byggesaker, planarbeidet, karta til kommunen og beredskap.

Begge har vore konstituert i rollene ei stund før dei fekk fast stilling.

Ruben er 33 år og kjem frå Hareid. Han er ein aktiv kar som likar all form for trening, og særleg fotball. Han har spelt på Hødd sitt A-lag og spelar framleis for Hareid sitt A-lag, der han i skrivande stund har 99 kampar. Han har jobba i Hareid kommune i ulike roller sidan 2013. 

Cecilie er 29 år og kjem opphaveleg frå Sula. Ho har «gifta» seg til Hjørungavåg der ho og mannen no held på å pusse opp eit hus. Mykje av fritida går også med til aktivitet i naturen med tur og trening av den finske lapphunden Kiito. Cecilie har vore tilsett i Hareid kommune sidan 2019 som arealplanleggar.