Pexels.com
Vil du melde akutte feil på veg, vatn og avlaup – og som ikkje kan vente til etter nyttår, kan du ringe vakttelefonen vår på 970 62 360
For å få kontakt med avdelingane på sjukeheimen – sjå her.
Hareid legesenter
Hareid Legesenter har stengt fom 24. desember til og med 26. desember og 31. desember og 1. januar.
Legesenteret har ope for augeblikkeleg hjelp følgande tidspunkt:
- 23. desember frå klokka 08-14
- 27. desember frå klokka 09-14
- 30. desember frå klokka 09-14
Ved behov for akutt legehjelp utanom opningstidene, ta kontakt med legevaktsentralen, telefon 116 117.
Når liv og helse står i fare, ring medisinsk naudnummer 113.
Skal du fornye faste medisinar før nyttår, må du kontakte legesenteret innan fredag 20. desember. I romjula er det ikkje høve til å ta blodprøvar som må sendast til sjukehus for analyse.
Ressurssenteret
Har stengd frå og med 24. desember til og med 1. januar.
Ungdomsklubben
Ungdomsklubben har siste opningsdag 10. desember, og opnar igjen 6. januar.
Biblioteket
Siste opningsdag før juleferien er laurdag 21. desember. Biblioteket opnar igjen med ordinære opningstider 2. januar.
Helsestasjonen
Helsestasjonen har stengd frå 21. desember til og med 1. januar.
Rådhuset/servicetorget
Rådhuset har stengt frå 24. desember til og med 1. januar. Det gjeld både telefon og servicetorg. 2. januar opnar vi igjen med ordinære opningstider (telefon 10-14 / servicetorg 09-15)
Nav
Nav har ope 23. , 27. og 30. desember klokka 10-12. Første opningsdag etter nyttår er fredag 3. januar.
Frå og med måndag 6. januar vil Nav på Hareid få nye opningstider:
- måndag 10-12
- torsdag 10-12
- fredag 10-12