Opningstider i sommar

Delar av kommunen har endra opningstider på grunn av ferieavviklinga. Under får du ei oversikt.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Servicetorget på rådhuset

Fysisk oppmøte og røysting: klokka 09-15

Telefontid: klokka 10-14

Skal du snakke med sakshandsamar? Hugs å alltid avtale tid på førehand.

 

Bibliotek:

Frå 1. juli til 13. august har biblioteket følgande sommaropningstider:

  • Tysdag klokka 11-15
  • onsdag klokka 11-18
  • torsdag klokka 11-15
  • andre dagar er biblioteket stengd

 

Helsestasjon

Normale opningstider, bortsett frå veke 29 – 17.-23. juli – då  er helsestasjonen heilt stengd.

 

Ungdomsklubben

Ope torsdagar klokka 19-21 i veke 27, 28, 32 og 33.

 

Hadartun

Resepsjonen, og telefonen knytt til resepsjonen, på Hadartun vil ha stengt i veke 28-30.

 

Ressurssenteret

Ressurssenteret har stengd i veke 28 og 29,  og ope i veke 30 og 31.

Nav:

Ingen endring i opningstid.