Klasseromma nedst vil ikkje kunne bli tatt i bruk før neste skuleår. Takstmann og saneringsfirma har no vore gjennom heile skulebygget. Alle rom/delar er kategorisert i grøn (OK), gul (mindre tiltak før rom kan nyttast) og raud (store skader).
Sektor for læring og kultur jobbar no med å finne alternativ til dei klassene og faga som er utan klasserom no. Det er viktig å presisere at alle elevar skal møte til fyrste skuledag 6. januar.
Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen. Meld deg på nyheitsbrev her.
Desse romma er so skada at dei ikkje nyttast ved skulestart:
Klasseromma til 4. trinn
- Heimkunnskap
- Sløyd
- Tekstil
- Gymsal
- Diverse grupperom
- Delar av elevtoaletta
- Aula
For dei fleste romma nemnd over må vi rekne med fleire månader før dei kan tas i bruk igjen. Når det gjeld klasseromma, vil ikkje dei kunne nyttast før tidlegast neste skuleår.
Ein stund frykta vi at ventilasjonsanlegget for større deler av skulen var satt ut av spel av brannen, men var heldigvis intakt.
Som sagt, blir det arbeidd med å finne løysingar – både på kort sikt og i eit lengre perspektiv. Løysingar vi ser på er brakkerigg i tillegg til å nytte Hareidhallen, og rom på ungdomsskulen.
Private gjenstander
Når det gjeld dei private gjenstandane som var i dei råka klasseroma, må dei reknast som tapt. Dei vil ikkje bli levert ut. I tillegg til å vere skada, kan dei innehalde farleg sot og støv. Elektroniske gjenstandar kan også kortslutte og sjølv utgjere ei brannfelle.
Slik det ser ut no, er det dei private forsikringane som må dekke dette tapet.
Ros til tilsette
Når alt dette er sagt er det aller viktigaste at det gjekk bra med elevane og dei tilsette. Når det fyrst gjekk gale, kom alle seg ut slik vi har øvd på so mange gonger. Dei føresette blei varsla og kom og henta barna sine. Brannvesenet har rosa dei tilsette for jobben dei gjorde då alarmen gjekk og korleis dei takla situasjonen. Den rosen fortener dei.
Elevar får hjelp
Elevane blei sjølvsagt skaka av det som skjedde. Dei har eit personleg forhold til skulen, og det er naturleg at dei blir uroa av brannen. Dei møtte alle på juleavslutninga same ettermiddag og fullførte med glans. Dei elevane som treng særskild oppfølging får sjølvsagt det. Her er kommunen sitt krise- og omsorgsteam involvert. Fjerde trinn som mista klasseromma sine, hadde eiga samling med lærar, rektor og helsesjukepleiar for debriefing.