Oppdatert: Alle har fått vatnet tilbake

Ei vassleidning i Kjøpmannsgata har gått lekk.

Erlend Friestad  

OPPDATERING kl 0940: Alle skal no ha fått tilbake vatnet. Takk for tålmodet!

OPPDATERING kl 0815, 27. januar: Vi er i ferd med å kople til dei siste bygga, så innan ein time håpar vi at alle har vatn igjen. De råka husstandane fekk drikkevatn levert på døra i går tidleg kveld.

OPPDATERING kl 1550, 26. januar: Dei som mista vatnet på grunn av trykkfall har no fått det tilbake.

For dei som er direkte råka av brotet, vil det ta ein god del lenger tid. Slik det ser ut no, vil dei ikkje få vatn før i morgon. Vi arbeider no med å finne alternativ vassleveranse for desse 15-20 bueiningane. Dei det gjeld vil bli halde oppdatert via tekstmelding. Dette gjeld følgande adresser: Kjøpmannsgata 15-33 (Rosabygget, Bellis, Sport1/apotek og Napoli pluss leilegheitene i nemnde bygg.)

Arbeidet med å utbetre brotet vil halde fram utover natta.

 

Tidlegare versjon: 

Røyret som har gått lekk, har ein ganske stor dimmensjon, derfor renn det ut mykje vatn. Det gjer at store delar av Hareid ikkje får vatn. Så fort vi har fått stengt av på staden, vil trykket gradvis byggje seg opp igjen. Vi reknar med at alle utanfor sjølve området som er direkte råka av brotet, vil ha vatn igjen innan klokka 1430.

Dei som bur på strekninga  Loket-Rosabygget må forvente at det tek lenger tid.

Artikkelen blir oppdatert.