Opplev Hareid med kommunen på laget

Hareid kommune er glad for å kunne bidra til dei mange arrangementa som har vore på Hareid i år! Vi har bidrege både teknisk og praktisk med god tilrettelegging, og har hatt eit godt samarbeid med dei ulike arrangørane.

Dronefoto av barnefestivalen i Åsendalen - Klikk for stort bileteBarnefestivalen under Seinsommarfest trakk til seg barnefamiliar frå heile regionen. Erlend Friestad

Det er kjekt å kunne bidra og vi gjer det med glede når vi ser kor flotte arrangement det har vore. Vi har tatt ein prat med nokre av arrangørane som fortel om vellykka arrangement gjennom heile sommaren i Hareid.

Det har vore olabilløp, MC-treff, minikonsertar, kunstutstilling, turnoppvisning, golfaktivitetar, kake- og loddsal på laurdagane. Arrangementa har trekt mange til sentrum og skapt mykje aktivitet.

Festivalen Seinsommarfest skapte ei fantastisk helg, med veldig variert program. Om lag 3500 publikum var innom festivalområdet og fekk oppleve Hareid på sitt beste! Det var barnefestival med besøk av superheltar, gaming, turn, høgtlesing, kunstutstilling, quiz, kunstutstilling, Cars & Coffee, Polarstar, politikardebatt, og historisk UKM-festival.

(Les meir under biletet.)

Dronefoto av festivalområdet - Klikk for stort biletePå laurdagen under Seinsommarfest hadde partia stands. Det blei også arrangeret debatt mellom listetoppane i Hareid kommune. Erlend Friestad

Det er også mange andre organisasjonar som har gjennomført flotte arrangement både i sentrum og i krinsane. Vi er overtydde om at gode arrangement er viktige bidrag til å gjere Hareid til ein attraktiv stad å bu og virke – og også besøke. Det bidreg til å skape samhald, engasjement, identitet og ei stoltheit til bygda vår.

Vi ynskjer å rette ei stor takk til både arrangørar, sponsorar, frivillige, og ikkje minst eit fantastisk publikum som bidreg til stor aktivitet.

Det er berre å glede seg til mange kjekke arrangement framover, og Hareid kommune er med på laget!

Dronefoto av festivalområdet - Klikk for stort bileteBlålysetatane stilte med bilar, til stor glede for ungane. Erlend Friestad