Opplevde du lågare trykk i vasskrana sist helg?

Torsdag sist veke gjekk alarmen hjå teknisk vakt for Nesset Vassbehandlingsanlegg.

Bilete av mann som utfører måling og kontroll i eit anlegg for vassbehandling. - Klikk for stort bileteOdd Elvanes - i aksjon på Nesset Vassbehandlingsanlegg Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Ifrå vatnet reiser frå Hammarstøylsvatnet og hamnar i krana hjå innbyggarar på Hareid går vatnet gjennom ein komplisert reinseprosess.

På Nesset Vassbehandlingsanlegg vert vatn frå Hammarstøylsvatnet leia inn i reinseanlegget og går via avanserte komponentar for å sikre godt drikkevatn med god kvalitet i krana heime hjå deg.  

Sist veke, nærmare bestemt torsdag 8. desember, gjekk alarmen hjå teknisk vakt for Nesset Vassbehandlingsanlegg. Utfordringane var av ein slik art at anlegget måtte stengast heilt ned ei stund. Då overtok høgdebassenget i Vabakken tilførselen av reint vatn til Hareid. Utfordringane krevde mykje tid og krefter for dyktige tilsette ved Kommunalteknikk med målingar, vasking og filterspylingar for å løyse problemet. Etter grundige testar vart orsaka til problemet avdekka. Produksjonen måtte so reinsast grundig før Nesset Vassbehandlingsanlegg blei friskmeldt igjen laurdag 10. desember.  

Det blei ikkje sendt ut varsel til innbyggarane, fordi høgdebassenget på Vabakken sikra reint vatn i den perioden problema stod på. Nokre husstandar fekk lågare vasstrykk og nokre var utan vatn i kortare tid. Alle som tok kontakt med vakta fekk informasjon via telefon.

Kommunalteknikk ved Hareid Kommune ønskjer likevel å informere om saka, og er glade for til eikvar tid å kunne tilby reint vatn til innbyggarane i Hareid!