Daniel Getaneh Hatland
Privat
Daniel er ein prislønna foredragshaldar og ein av landets mest engasjerande formidlarar, kjent for sin evne til å bevege publikum. I 2020 tok han et nasjonalt oppgjer med rasismen i Norge, ei historie som vart formidla gjennom ein rørande reportasje på TV 2 og trefte det norske folket midt i hjartet.
Sidan den gong har han brukt si personlege reise som verktøy for å skape forståing, inkludering og tilhøyrsle.
Utfordrar publikum
Med brei erfaring innan arbeid med mangfald og tilhøyrsle, har Daniel blant anna sete i tidlegare kultur- og likestillingsminister Abid Rajas utvalsgruppe mot rasisme og diskriminering, og vore ambassadør for Norges Idrettsforbund sitt #STOPP-konsept. Hans unike kombinasjon av personleg erfaring og fagleg djupne gjer han til ein inspirerande formidlar, som på ein varm og ærleg måte utfordrar publikum til å tenke nytt.
I september 2024 ga Daniel ut debutboka «Kampen for tilhørighet», ei bok som med ein gong gjekk inn på bestseljarlista hos fleire forhandlarar. Boka er eit samarbeid mellom Daniel og journalist og forfattar Siri Gjelsvik. Gjennom boka, og på scena, delar han ein bodskap om positiv endring, og om kor viktig det er å føle tilhøyrsle, både på individnivå og i fellesskapet.
Daniel skal ha to arrangement på Hareid. Bokbad på biblioteket klokka 18 og ungdomskveld på ungdomsklubben klokka 1930.
Bokbad
Øyvind Grimstad Gryt
Privat
På Hareid folkebibliotek vil den nye boka til Daniel vere i fokus og det er Øyvind Grimstad Gryt frå Hareid som vil bokbade han. Øyvind brenn for eit inkluderande samfunn og det at vi alle er like mykje verdt her på vår klode. Han har sjølv vore fotballspelar i alle år og har i tillegg alltid hatt eit internasjonalt fokus. Øyvind er til dagleg lærar ved Ulstein vidaregåande skule.
Arrangementet på biblioteket er gratis og ope for alle interesserte.
Ungdomskveld
Ungdomskvelden vil også vere gratis og open for alle frå ungdomskulealder og oppover. Daniel vil fortelje si historie til ungdomane og opne for dialog. Det blir god mat og lokale ungdomsband vil underhalde.
Tilskot
Hareid kommune har fått tilskot til arrangementet frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennom ei tilskotsordning for tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.