Reina skal oppgraderast

No skal det dårlegaste partiet i Reina få seg eit løft.

kartutsnitt som viser arbeidsområde - Klikk for stort bilete

Strekninga er frå krysset ved Reina 36 til krysset ved Solsteinen 49. Vi vil byte røyrleidningar, kummar og legge nytt berelag før asfaltering. I tillegg vert det lagt trekkerøyr til eventuell framtidig utskifting av straumnettet.

Arbeidet startar i midten av august, i veke 33. Det vert redusert framkomst for bilar medan arbeidet pågår, men vegen vert opna opp etter kvart som arbeidet skrid fram.

Omkøyring vert via Solsteinen og parkering utanfor anleggsområdet.

Holstad Maskin AS vann anbodskonkurransen og skal gjere jobben.