Rekordvinter for Stikk UT – stor deltaking i Hareid - Hareid kommune

Rekordvinter for Stikk UT – stor deltaking i Hareid

Stikk UT vinter 2025–2026 vart ein rekord, både i talet på deltakarar og registrerte turar fylket sett under eitt. Også i Hareid var interessa stor, med høg aktivitet på alle turmåla gjennom heile vintersesongen.

Snødekka torvløe langs rotarystien - Klikk for stort bileteRotarystien var det mest populære vintermålet i Stikk Ut i Hareid kommune sesongen 25-26 - med heile 2466 besøk. Hareid kommune

Sesongen gjekk frå 1. desember 2025 til 15. april 2026, og i Hareid vart det totalt registrert 7 562 turar. Dette viser at mange har nytta nærturane sine og vore aktive ute – også i den kalde og mørke årstida.

Registreringar per turmål i Hareid (vintersesong 2025–2026)

  • Rotarystien: 2 466
  • Overåsanden – nasjonalmonument: 1 380
  • Gamleåsen frå Hjørungavåg: 1 267
  • Kvitneset: 936
  • Skafjellet – vinterfottur: 589
  • Hammarstøylsvatnet – Feittbrennaren: 478
  • Alskleiva frå Holesanden: 446

 

Den gode deltakinga viser at Stikk UT! er eit viktig lågterskeltilbod for folkehelsa, og at vi set pris på tilgjengelege turmål i nærmiljøet.

No gler vi oss til hovudsesongen startar 1. mai, med heile 20 turmål i Hareid klare for nye turopplevingar.