Renate Seljeseth Bøe starta 1. august i stillinga som ungdomsarbeidar i Hareid kommune. Ho vil mellom anna ha ansvar for ungdomsklubben og ungdomsrådet. Eininga jobbar også med å arrangere ulike aktivitetar for ungdom utover hausten, der ungdomsarbeidaren vil ha ei viktig rolle.
– Eg er svært glad og spent på å ta fatt på rolla som ungdomsarbeidar i Hareid kommune. Eg er takksam for at Hareid vel å satse på ungdomen og ser verdien av å kunne tilby eit godt ungdomstilbod. Eg veit at det vert tatt godt imot og at ungdomen set stor pris på det tilbodet som allereie er i kommunen, fortel ho.
Renate er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og har mange års erfaring med barn og ungdom frå arbeid i både barnehage og skule. Ho er busett på Hareid saman med mann og tre born.
Ho ønskjer å være ein synleg ungdomsarbeidar og håper å få både ungdom, foreldre og sambygdingar med på laget!