Saker til formannskapet 13. mars

Måndag skal formannskapet møtast på biblioteket, til forandring.

Dronebilete av Hareid sentrum i vinterdrakt, i retning ytre. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Årsaka er at lysarmatura i kommunestyresalen er i ferd med å bli skifta.

Det betyr også at møtet ikkje kjem til å bli filma.

Her kan de lese fullstendig sakliste og sakspapir.

Under kjem eit samandrag av saklista og sakene:

Orientering

Når formannskapet møtast på biblioteket, er det naturleg at bibliotekleiar Anne Vasstrand orienterer om biblioteket og biblioteksdrifta.

Referatsak

Administrasjonen har skrive eit notat om strøymetenesta Mygame, som ønsker å filme breiddeidretten.

Vedtakssaker

  • Endring av forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar med forbodskart. Den lokale forskrifta er tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen. Framlegget til endring gjeld først og fremst klargjering av kva for område i kommunen som har totalforbod mot brenning utandørs. I tillegg er det redaksjonelle endringar i teksten.
  • Det blir lagt fram ny forskrift om rett til å føre tilsyn med bygg, område til vedtak. Kommunen har til no ikkje heimelsgrunnlag for å gå tilsyn i andre bygg enn dei som er registeret som særskilt brannobjekt gjennom enkeltvedtak. Med denne forskrifta vil Hareid og Ulstein brannvesen lettare kunne gjennomføre tilsyn i bygg og område med større risiko for brann.

 

  • Eit privat føretak ønsker å leige grunn av Hareid kommune for å setje opp og drifte ein sauna på Overåsanden. Administrasjonen tilrår at formannskapet avviser ønsket. Overåsanden er eit statleg sikre friområdet der det ikkje er høve til å plassere bygningar eller anlegg til privat bruk.

 

Endring i investeringsbudsjett på kommunal eigedom

Kommunal eigedom legg fram ein revidering av investeringsprosjekta sine. Nokre prosjekt blir utsett for å frigjere investeringsmidlar til nye prosjekt, eller prosjekt som viste seg å vere meir omfattande enn ein fyrst trudde.  Det vil vere naudsynt å auke låneramma med nesten 6 millionar kroner.

Utsette prosjekt:

  • Ny brannstasjon: År 2023 blir brukt til prosjektering, byggestart ikkje mogeleg slik saka er i dag. Politisk sak dreg ut grunna manglande ressursar i eininga. Dersom ein skal få løyst alle utfordringane knytt til brannstasjonen og eigna lokale for uteavdelinga er det nødvendig å skunde seg langsomt i høve gjennomføring. Etter Eigedomsavdelinga sitt syn vil det være riktig å bruke tid fram mot neste års budsjett å få på plass teikningsgrunnlag og budsjettal for gjennomføring.

 

  • Solskjerming Hadartun: Eigedom har ikkje kapasitet til å gjennomfør dette prosjektet i år. Med tanke på situasjonen Eigedomsavdelinga har mangel på ressursar i form av prosjektleiing (kun 1 i dag), ser ein seg nøydd til å utsette dette prosjektet til neste år, med planlagt gjennomføring fyrste halvår.

 

Nye/utvida prosjekt:

  • Ny personalavdeling på Syverplassen: Med en omfattande prisstigning den siste tida viser vår kalkyle for nytt påbygg med sårt tiltreng faselitetar ei auke til 8.000.000 for tilbygg på Vest og aust-side. Prosjekt "Uteområde" blir skilt ut i eit nytt prosjekt for skilje kostnadane. Parkering er planlagt til neste år. Auken i budsjettmidlar skuldast i hovudsak auka kostnader på materialer m.m. Auke frå 6 millionar til 8 millionar.

 

  • Uteområde Syverplassen: Uteområde er no ferdig prosjektert og er klart for å leggjast ut på DOFFIN. Prosjektet sitt budsjett treng politisk forankring før det blir lagt ut til anbodskonkurranse. Hareid sentrum manglar leikeplassar som er skjerma og tilrettelagt for alle aldersgrupper. Denne leikeplassen vil gi barnefamiliar moglegheit til å ta med borna på tur slik dei får leike i trygge rammer på avgrensa område, der ein er skjerma frå mellom anna trafikk. I tillegg gir leikeplassen barnehagen eit sårt tiltrengt løft i høve uteområde som har store behov for oppgradering. Totalsum 7 millionar kroner.

 

  • Bigset skule, energipakke: Konkuransen er ferdig og prosjektet er tildelt HS Rise Bygg. kontraksforhandlingar pågår og opprineleg tilbod er redusert med 2millionar kroner. Byggestarta er forbehaldt midlar for gjennomføring av prosjektet.  Dersom ein ikkje tilfører prosjektet meir midlar må administrasjonen nedskalere prosjektet og det vil være naudsynt å be om midlar for gjennomføring av gjenståande arbeid neste år. Dette vil medføre auke i utgifter til gjennomføring med tanke på rigg og drift, samt generell prisstigning. Investeringa vill ha ei energibesparande effekt med 60.000kw/h og gjer at skulen er godt rigga for framtidas energiprisar, samt det store vedlikehaldsetterslepet blir betydelig redusert. Auke frå 9 millionar til 15,5 millionar.