Saker til formannskapet 17. februar

Omstilling på sjukeheimen, koronamidlar til serveringsstadane, breidbandsutbygging og nytt valutstyr er noko av det som står på saklista.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

 


Den største saka formannskapet skal handsame er omstillinga på sjukeheimen. De kan lese meir om denne saka på samlesida vi har oppretta. Her har vi samla alle sakene om temaet, og kjem også til å samle nye saker.

Under kjem eit kort resume av nokon av dei andre sakane som skal opp.

Her kan de lese heile saklista med saksframlegg. (PDF, 2 MB)

 

Koronamidlar til serveringsstadane?

Hareid kommune fikk i desember 2020 utbetalt 590 000 i ekstraordinære midlar til kommunar med særs høg arbeidsløyse for å kompensere lokalt næringsliv mot konsekvensane av covid-19-utbruddet.  Hareid formannskap handsama denne saka i møte 18.01.2021. Dei vedtok då at desse midlane skulle inn i fond og delast ut etter søknad til næringsaktørar etter kriterier fastsatt for covid-19-midlar. Nye moment i saka gjer at kommunedirektøren fremjar saka til ny realitetshandsaming.

Tilrådinga i denne saka er at desse 590.000 i staden skal delast ut til serveringsstadane i Hareid kommune:

Melshorn Hotell AS:                       kr 137 000

Napoli Hareid ENK:                         kr 79 000

Sunnmøre Golfklubb FLI:              kr 79 000

Ishavsmuseet Aarvak, Stifting:   kr 108 000

Hareid Pizza & Pub AS:                  kr 108 000

Kokken Roll AS:                               kr 79 000

 

Nye valavlukke og urner?

Valavlukka som Hareid kommune har tilgjengeleg er svært gamle og er modne for utskifting. Dei tilfredsstiller ikkje krava til universell utforming. Det betyr at til dømes eldre, svaksynte og rullestolbrukarar ikkje kan røyste på dei same føresetnadane som andre. Det er strenge krav i valgjennomføringa at vallokale og valustyr skal vere universelt utforma. Administrasjonen rår derfor til at det blir kjøpt inn nye valavlukke og nye urner.

 

Breidband til mellom anna Snipsøyrdalen, Ulset og Alme

Hareid kommune fekk i 2019 Nkom-midlar for utbygging av breiband områda Alme/ Almestranda, Snipsøyrdalen indre, Ulset og Hjørungneset. Kommunen har frist til hausten 2021 for å fullføre utbygginga, dersom Nkom-midlane skal kunne nyttast. Denne saka skal tene som grunnlag for avgjerd om kor vidt kommunen skal bidra til den naudsynte kommunale eigendelen av finansieringa og eventuelt om korleis denne skal finansierast.  Saka har vore oppe tidlegare, i november 2020, men vart sendt attende til administrasjonen med vedtak om ny utgreiing / tilråding.  Saka vert no lagt fram på nytt.

Kommunedirektøren tilrår at det blir inngått ein avtale med Tussa om utbygging av breiband med kapasitet på minst 100 Mbit/s.

 

Gebyr for fyringsanlegg

Saka gjeld justering av gebyr for fyringsanlegg, tidlegare kalla feiing og tilsyn med

Fyringsanlegg. Det syner seg at dei vedtekne gebyra for 2021 ikkje er korrekte og bør såleis justerast etter vedtak i denne saka. Kommunedirektøren tilrår at gebyra for 2021 blir dei same som i 2020.

 

KS sitt debatthefte

KS inviterer kvart år kommunane og fylkeskommunane til å gi innspel til dagsaktuelle tema som vert presentert gjennom debattheftet. I år omhandlar heftet spørsmål knytt til kommunesektoren sitt handlingsrom for omstilling, og korleis førebygge og motverke ungt utanforskap. Det er tre spørsmål knytt til kvart hovudtema, og KS ynskjer så konkrete innspel som råd. Kvar trykker skoen mest? – tillegg til økonomi?

Innspel frå kommunane vil verte samanstilt av KS Møre og Romsdal før handsaming i fylkesstyret og vidare til sentral handsaming. Debattheftet er ein viktig del av KS sin medlemsdialog.

Kommunedirektøren har lagt fram ei punktliste med svar på spørsmåla KS stiller. Formannskapet skal ta stilling til om dei vil at desse innspela skal sendast til KS frå Hareid kommune.

 

Revidert samarbeidsavtale mellom kommunane og helseføretaket

Kommunar og helseføretak er pålagt å inngå ein samarbeidsavtale. Formålet er å konkretisere oppgåve- og ansvarsfordelinga seg i mellom og bidra til at pasientar og brukarar mottar eit heilskapleg tilbod om helse- og omsorgstenester. For å sikre at avtalen til ein kvar tid er i samsvar med gjeldande rettspraksis, lover og forskrifter, har partane forplikta seg til å foreta ein gjennomgang og ei evaluering anna kvart år ved utgangen av året. Kommunedirektøren tilrår at den reviderte avtalen blir vedteke.