Saknar du nyheitsbreva?

Sjekk spam-filteret, det kan vere dei har hamna der.

Nyheitsbreva våre er populære. Vi sender dei ut til over 900 sjølvpåmeldte e-postadresser. Dessverre vil ikkje alle kome fram til mottakarane.

Denne våren har nemleg Google, Microsoft og andre store e-postleverandørar stramma inn på leveringa av masseutsendingar. Fleire e-postar blir stoppa og fleire blir sendt i spamfilteret. Det har også råka Hareid kommune, sjølv om vi har

Vi har merka det fyrst og fremst på at vi har mange færre som opnar e-postane. Fram til mars blei over 60 prosent av nyheitsbreva våre opna. No er talet 40 prosent. Altså har vi mista ein tredel av lesarane våre.

Kva kan du gjere?

  • Dersom du er ein av dei som får – og les – e-postane våre, så treng du ikkje gjere noko.
  • Dersom du ikkje får e-postane lenger, men veit du er abonnent, så kan du sjekke spamfilteret eller søppelpostboksen din. Når du så finn ein av e-postane frå oss, kan du leggje Hareid kommune inn som trygg avsendar. Som regel vil det føre til at e-postane slepp gjennom filtera og vil dukke opp i innboksen din.
  • Dersom du ikkje er abonnent, kan du trykke her og leggje igjen e-postadressa di. Då vil du blir ein av over 900 som får 3-4 nyheitsbrev i månaden med siste nytt frå Hareid kommune.