Særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL) og tiltak i beiteområdeEr det aktiv landbruksdrift på din eigedom, kan det vere tilskot du kan søkje om. Du eller den som driftar eigedomen for deg kan søkje.I denne artikkelen finn du informasjon om to støtteordningar:særskilde miljøtiltak i landbruket (SMIL-midlane)tiltak i beiteområde Særskilde miljøtiltak i landbruketDenne ordninga gjeld tilskot til tiltak som fremmar natur- og kulturverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og reduserer forureining frå jordbruket.Det vert ikkje prioritert tilskot til tiltak som du har starta på.Løyvde tilskot vert gitt for 3 år.Søknadsfrist: 1. april.Kva kan du få støtte til?Nokre få eksempel:tiltak som hindrar at kulturlandskapet gror att og at biologisk mangfald går tapthindre at eldre bygningar som kan reknast som kulturminne forfell Sjå fleire eksempel på tiltak i retningslinjene for SMIL (PDF, 2 MB).Meir informasjon om ordninga og korleis du søkjer finn du i rettleiaren på Landbruksdirektoratet sine sider. Meir informasjon om ordninga finn du i forskrifta om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket.Sjå eksempel på kostnadsoverslag for oppsetting av gjerde. (PDF, 113 kB) Publisert 11.04.2025 10:19 Sist endra 11.04.2025 10:20