Leiar av eldrerådet, Harald Teigene, fekk prøve VR-brillane på seniorgaminga. - Veldig kjekt!
Renate Seljeseth Bøe
Kvar onsdag klokka 11 fram til jul blir det arrangert seniorgaming i lokala til ungdomsklubben. Onsdag 23. oktober var det mange som fekk seg ein aha-oppleving når dei blei introdusert for det som barnebarna driv med.
- Ja, dette var kjekt, for då kan eg ta del i barnebarnet si verd, fortalte ein av dei som testa tilbodet.
Delta eller berre sjå på
På seniorgaming kan du prøve deg i ein lang rekke dataspel frå strategi, rollespel, sport og eventyr. Du kan få spele på mange forskjellige «plattformar» som PC, TV-spel eller med VR-briller. Terskelen er svært låg, og det er lov å berre sjå på, eller slå av ein prat og ta ein kaffi.
Harald Teigene, leiar av eldrerådet, har vore med på seniorgaming sidan oppstart tidleg i haust.
- Det er eit veldig bra tiltak. Det er veldig bra at kommunen klarer å tilby innbyggarane eit slikt tilbod i eit fantastisk lokale, seier Teigene og som oppmodar fleire om å sjekke ut om seniorgaming kan vere noko for dei.
Hjelp frå ein kjennar
Kvar onsdag har vi også besøk av Herman Leikanger frå Metizport. Herman er ein erfaren gamer og teknologi-entusiast som har svar på det meste du måtte lure på. Uansett om spørsmåla handlar om gaming, korleis ein PC fungerer, teknologi generelt, eller om det er noko anna innanfor data og digital kultur, så er Herman klar til å hjelpe. Han likar å prate, og har alltid tid til ein hyggeleg samtale, så ingen spørsmål er for store eller små.
Rundt 40 seniorar deltok på seniorgaming i lokala til ungdomsklubben førre onsdag. Her er det også "analoge" spel, som biljard, bordtennis og fotballspel.
Renate Seljeseth Bøe