Skal Hareid kommune kjøpe 18 bustadar til vanskelegstilte?

Dette er ei av sakene som skal opp i kommunestyret denne veka. Her får du eit kjapt samandrag av saklista til årets fyrste kommunestyretmøte.

Møtet er torsdag klokka 18 i kommunestyresalen. Du kan sjå møtet direkte eller i opptak her, eller på kommunen si Facebook-side.

Heile saklista og alle sakspapira kan du lese her. Eller du kan lese samandraget under.

Meldingar frå råda

Fyrst på saklista er årsmeldingane til medverknadsråda. Ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne er råd som alle kommunar har. Årsaka er at desse gruppene ofte er underrepresenterte i dei andre folkevalde organa. Desse råda skal få uttale seg i alle saker som gjeld gruppene dei representerer. Kvart år skal dei leggje fram årsmeldingane sine for kommunestyret.

Her kan du lese årsmeldingane frå

 

Uttale i sak om Suel Kassembo

Ordførar Bernt Brandal ber kommunestyret om å vedta følgande uttale i saka om asylsøkaren Suel Kassembo:

«Hareid kommunestyre er bekymra for handsaminga av asylsaka til Suel Kassembo. 

Suel flykta til Noreg frå Burundi som 16-åring, då foreldra og systera hans vart drepne. Dette fortalte han då han kom til Noreg. Norske myndigheiter trudde ikkje på alderen, og meinte at han kom frå eit anna land. Om han hadde vorte trudd då han kom i 2004 hadde han fått opphald, og truleg vore norsk statsborgar i dag. Etter ein svært lang prosess fekk Suel sommaren 2023 endeleg tak i ein kopi av fødselsattesten sin, og dette er bevis på at han snakka sant den gongen. I staden for å innrømme at ein feil vart gjort i 2004, ønsker UNE å sende Suel ut av landet. 

Vi ber om at Stortinget ser på om saka til Suel er godt nok handsama av UNE. Dersom ein person lyg når han eller ho kjem til Noreg, får det konsekvensar for både ein sjølv og familien dersom myndigheitene finn bevis på løgn. Ein risikerer då å verte utvist frå Noreg, sjølv om det har gått både 10 og 20 år. Dette har vi sett fleire eksempel på. Når ein person snakkar sant når ein kjem, skal ein ikkje få den same, rettferdige handsaminga? Bør ein ikkje gjere ei ny vurdering der ein tek omsyn til nye bevis i saka? 

Hareid kommunestyre ber om at

  • UNE gjer ei ny vurdering i saka til Suel Kassembo.
  • UNE Stornemd gjer ei vurdering om saka er rett handsama.»

 

Skal Hareid kjøpe 18 bustadar til vanskelegstilte?

I budsjettsaka i desember, vedtok kommunestyret å setje av 60 millionar til å kjøpe bustadar for vanskelegstilte, som blei vedteke av kommunestyret i budsjetthandsaminga 14. Desember 2023. Administrasjonen har gjennomført ein prosess med tilbydar med tanke på kjøp av bustadar på Brekkane tiltenkt formålet. Eit sentralt spørsmål i denne saka er om kommunen kan kjøpe bustadane direkte frå selgar, eller om kjøpet må ut på anbodskonkurranse.

Særleg dette spørsmålet er grundig sjekka. I ein uttale frå KS-advokatane, seier dei at «Vi mener kjøpet er et reelt kjøp av fast eiendom og ikke en bygge- og anleggsanskaffelse. Kjøp av de konkrete boligene er unntatt fra anskaffelsesregelverket. Kommunen må sikre og kunne dokumentere at kjøpesummen representerer markedspris. Vi mener salgsprosessen på det åpne markedet sikrer dette.»

Formannskapet har handsama saka og tilråd kommunestyret om å fatte følgande vedtak:

Hareid kommunestyre godkjenner vedlagte kjøpskontrakter og gir kommunalsjef for samfunnsutvikling mynde til å  gjere naudsynte justeringar i tråd med regelverket, for å tilpasse bustadane til våre behov. 

Hareid kommunestyre gjev kommunalsjef for samfunnsutvikling mynde til å underteikne kjøpskontraktene på kommunens vegne for inntil 18 bustadar i Brekkane bustadfelt i Hareid sentrum. 

I same møte skal kommunestyret godkjenne utbygginga av infrastrukturen til bustadfeltet Brekkane.