Du kan sjå møtet direkte eller i opptak her på nettsida eller på Facebook frå klokka 18 torsdag.
Under følgjer eit samandrag av ein del av sakene.
Her kan du lese alle sakspapira*.
Kva skal vi gjere med Helseplattformen?
Helseplattforma er eit felles journalsystem for helseføretaka og kommunane i Midt-Norge, med mål om å skape betre samhandling, kvalitet og pasienttryggleik. Første fasen starta ved St. Olavs hospital og Trondheim kommune i april 2022. For å ta i bruk Helseplattforma, må kommunane signere ein tenesteavtale med Helseplattformen AS.
Hareid kommune signerte ein opsjonsavtale med Helseplattformen AS i 2017, og i oktober 2021 vedtok kommunestyret å løyse ut opsjonen. I april 2024 er innføringsløpet for Hareid kommune kome frem til sjølve prosjektgjennomføringa med hovudprosjekt. Før ein eventuell oppstart av dette, må kommunen signere tenesteavtalen. Kommunalt innføringsløp (KI3) med oppstart mai 2025 består av kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Volda, Ørsta, Stranda, Sykkylven og Giske.
Hareid kommune skal no ta stilling til om vi skal innføre Helseplattforma som nytt journalsystem eller ikkje. Dette har vore ein lang prosess som har pågått over fleire år og fleire kommunestyreperiodar, noko som gjer det krevjande å halde tråden i saka.
Når vi skal vurdere dette må vi samstundes vurder kva for alternativ som finst, og kva som er konsekvensane av våre val. Dette er ikkje lett å vurdere, for ingen veit eksakt kva desse konsekvensane er.
Saka har vore oppe i levekårsutvalet og formannskapet tidlegare. Levekårsutvalet valde å gå for å seie nei til Helseplattformen med 5 (Folkelista, INP og Frp) mot 2 røyster (A og H), medan formannskapet kom til motsett konklusjon (4 for utsetting (Bent Brandal, Frp, Ap og INP) 3 for nei (Fuglseth, Hove og Alme – alle Folkelista).
Det er derfor stor spenning til kva kommunestyret kjem til å seie på torsdag.
Alkoholpolitisk handlingsplan
Gjeldande alkoholpolitisk handlingsplan går ut i 2024, og ny plan må vedtakast før kommunestyret skal behandle alle sals- og skjenkeløyva i kommunen på nytt i løpet av sommaren 2024. Ei interkommunal arbeidsgruppe (Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta) har utarbeidd eit utkast til ein ny handlingsplan.
Ny alkoholpolitisk handlingsplan inneheld hovudmåla for Hareid kommune sin alkoholpolitikk, og kva tiltak som nyttast for å nå alkohollova sitt mål om å redusere tilgjenge til og forbruket av alkohol.
Planen har lagt ute på høyring på heimesida til kommunen og spesielle interessentar har fått tilsendt handlingsplanen. Det har ikkje kome inn merknadar til planen.
Alkoholpolitisk handlingsplan bør reviderast i kvar kommunestyreperiode for å vere oppdatert, aktuell og ein plan noverande kommunestyre kan forhalda seg til.
Planen har vore ute på høyring utan at det har kome særskilde merknadar.
Både levekårsutvalet og formannskapet var samrøystes for planen.
Nye retningslinjer for skjenke- og salsløyve for alkohol
Kommunale løyver for sal og skjenking av alkoholhaldig drikk gis for periodar inntil 4 år med opphøyr seinast 30. september året etter nytt kommunestyre er valt. Kommunen kan vedta at sal- og skjenkeløyve ikkje skal opphøyra, men gjelde vidare for ei ny periode på inntil 4 år. Kommunen kan vedta at ingen løyver skal opphøyra eller fastsetje nærmare retningslinjer for kva løyver det må søkjast om fornying for.
For administrasjonen er det ressurskrevjande å handsame fornying av alle sal- og skjenkeløyver i perioden mellom vedtak av ny alkoholpolitisk plan og 30. september. Ved vidareføring av eksisterande løyver kan administrasjonen fordele arbeidstida utover løyveperioden og ta årlege vandelskontrollar og ha oppsøkande kontakt med løyvehavar om det er endringar som er knytt til løyvet, slik som endring av styrar og vara for styrar i staden for eit intensivt arbeid kvart fjerde år. Vidareføring av løyver vil også spare løyvehavarane og politikarane sin tidsbruk.
Saka har vore handsama i både levekårsutvalet og formannskapet. Begge organ var samrøystes for tilrådinga frå kommunedirektøren – og som dermed blir innstillinga til kommunestyret:
Kommunestyret vedtek å forlenge alle sal- og skjenkeløyver i inneverande periode med fire nye år utan ny søknadshandsaming.
Føresetnad for forlenging av løyve utan søknadshandsaming er:
- Sal- og skjenkestaden kan ikkje ha hatt vesentlege avvik dei siste to åra. Vesentlege avvik settast til 6 prikkar eller fleire
- Løyvehavar og personar med vesentleg innflytelse på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel etter alkoholloven § 1-7b
- Sal- og skjenkestaden ønskjer ikkje endringar på eksisterande løyve
Nye vegnamn
I reguleringsplanane Brekkane og Hareidsmyrane Nord 2 er det regulert inn fleire nye vegar som må tildelast namn.
Trudvangvegen blir også vesentleg endra slik at det er naturleg å ta denne opp til ny vurdering.
Namneutvalet har komme med følgande forslag til kommunestyret:
- Veg 2104: Trudvangvegen
- Veg 2150: Myrastubben
- Veg 2151: Brekkemarka
- Veg 2152: Brekkestubben
Saka har vore ute på høyring. Formannskapet var samrøystes for tilrådinga frå namneutvalet og kommunedirektøren.
* Saka om ROP-bustadar blei meldt opp ved ein feil. Då saka var oppe i formannskapet, blei ho sendt tilbake til administrasjonen for å få meir informasjon. Saka vil derfor kome tilbake til formannskapet og kommunestyret ved eit seinare høve.