Daniel Ferking Hasund er tilsett som ny barne- og ungdomsarbeidar ved Bigset skule/SFO.
Daniel har tidlegare arbeidd både i barnehage, i vidaregåande skule og med born og unge med særskilde behov. No er han klar for nye erfaringar, og synest det er spanande å no få jobbe i grunnskulen.
Daniel er busett i Ulsteinvik, men er oppvaksen på Hareid. Som far til to små gutar har han til vanleg ingen problem med å få fritida til å gå, og ettermiddagar og helgar vert gjerne nytta ute på tur i skog og mark.
Men skulle det vere at han har nokre timar for seg sjølv, set han gjerne av litt tid til gaming.
Vi gler oss over å ha fått Daniel med oss på Bigset skule!