Slik går det med Hareid kommune sin økonomi

Formannskapet og kommunestyret skal handsame økonomirapporten for dei fyrste åtte månadane. Kommunen styrer mot eit meirforbruk på 53 millionar kronar i 2024.

dronefoto over Hareid teke frå melshornlia - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Under kan du lese innleiinga til kommunedirektør Bent Arild Grytten.

Trykker du på denne lenka, kan du også sjå detaljar og kommentarar og analysar frå dei enkelte einingane og sektorane.

 

Kommunedirektøren si innleiing til økonomirapporten

I denne økonomirapporten for 2. tertial er det fokusert på kommentarar på avvik rekneskap mot budsjett, samt legge inn forventa prognose for 2024.

Når det gjeld investeringar er det rapportert på økonomi og framdrift. Ei meir detaljert rapportering kjem neste månad.

 

Tal tilsette er redusert

Tal tilsette i Hareid kommune har minka med 33 frå mars månad til september. I same tidsrom er tal årsverk redusert med 28,2. Dette ifølge tal henta frå HRM- delen i Visma BI. Verktøyet kan innehalde feilkjelder, basert på tidspunkt for innmeldingar og utmeldingar, men syner likevel ein trend.  Såleis kan det seiast at det sterke fokuset på å redusere tal faste stillingar har bore frukter.  Det er difor på sin plass å rette ei takk til kommunalsjefar og einingsleiarar, som har følgd opp den gjeldande stillingsstoppen som har hatt verknad i det same tidsrommet.

 

Lønskostnad er framleis ei utfordring, men verkelege lønskostnader er lågare enn bokførte lønskostnader

Trass i reduserte årsverk har ikkje lønskostnadane minka tilsvarande i den same perioden. Noko av dette er knytt til feil budsjettering av lønskostnader og feil periodisering av same.  Refusjon sjukeløn vil, til dømes, alltid ha eit etterslep på kring to månader.  Vi reknar med at dette vil representere eit tilgodehavande på kring 4,2 mill. kroner over to månader.  Og vi har også ein del lønskostnader som vert refunderte på anna hovudpost i rekneskapen enn på hovudpost for løn.  Typisk døme på dette er delar av lønskostnaden på NAV-samarbeidet, der vi reknar med at om lag 2,3 millionar av meirforbruk løn hos på NAV, refunderast av samarbeidskommunane.  Dette, til saman med liknande lønsrefusjonar, betyr at det reelle meirforbruket på løn vert kring 7 millionar lågare enn det bokførte meirforbruket.

Men den gjeldande stillingsstoppen vil halde fram så lenge det er behov og så langt det synast forsvarleg ut frå kritiske behov.  Det som det no må jobbast meir med, er ein kritisk gjennomgang av mellombelse arbeidskontraktar, med tanke på behov og omfang.  I tillegg må vi og jobbe fram ein meir heilskapleg lønspolitikk på tvers av sektorane.  Og sist, men ikkje minst må vi sette i verk ekstraordinære tiltak, som skissert lenger nede.

 

Dei tilsette er vår største kapital

Utan gode og lojale tilsette kan vi ikkje lykkast.  Restrukturering og omstilling er som regel vanskeleg og tidkrevjande.  Det fordrar at vi tar vare på våre tilsette på ein slik måte at det ikkje resulterer i låg trivsel og høgt sjukefråvær.  Det fordrar og eit godt samarbeid med dei tillitsvalde. Hareid kommune som arbeidsgjevar er innstilt på å gjennomføre dei naudsynte prosessane på rett og rettferdig måte.

 

Vi har enno ein lang veg å gå

Erfaringsmessig vil eit stort meirforbruk halde fram og som regel auke sjølv etter at det har vore blåst i fløyta.  Som regel er årsakene til meirforbruk samansette.  Men oftast er lønskostnader ein sentral del av det.  Og lønskostnader endrast ikkje over natta.  Det gjer heller ikkje behova.  Det er difor ikkje uventa at eit markert vendepunkt ikkje vert synleg enno. 

Kostnadsområde som ikkje er relatert til løn syner og meirforbruk.  Ein stor del av dette kan vi ikkje gjere noko med på kort sikt. Utbetalingar til sosiale stønader og barnevern er døme på tenester med store overskridingar.  Dei kostnadane som er relaterte til dei tenestene der kommunen sjølv er tenesteytar, syner eit meir handterleg meirforbruk på om lag 1,2 millionar kroner pr. 2. tertial.  Men mykje tyder på at meirforbruket også på denne hovudposten kan verte betydeleg, totalt sett.  Og budsjettet for inneverande år er lågare enn det rekneskapen enda på i fjor.  Det er urovekkande.

Det knyt seg vidare stor spenning til om inntektene er rett budsjettert.  Inntektssvikt på meir enn 13 millionar per august er urovekkande.  Det er ikkje uvanleg at det er eit visst etterslep knytt til inntekter.  Men samanlikna med fjoråret, er det bokført høgare inntekter i år, enn i fjor på same tid.  I fjor vart det likevel bokført vesentleg meir i inntekter enn det som var budsjettert og vesentleg meir enn det som er budsjettert i år. Det er likevel er ingen grunn til å ta noko for gitt i høve dette, då vi mellom anna slit med å stette føresetnadane om busetting av flyktningar, grunna mangel på eigna bustader.  Dette genererer tap av budsjetterte inntekter.  Konklusjonen er at vi kan ha ei viss forventing om at det skal vere mogleg å nå inntektsmålet, men at det ligg føre usikkerheit kring dette.  Derfor har vi i denne økonomirapporten, lagt inn ei prognose om at verkelege inntekter vert om lag 7 mill. kroner lågare i 2024 enn budsjettert.

I denne månadsrapporten har det for første gong vore teke i bruk ein prognosefunksjon i Framsikt. Einingsleiarar har lagt inn prognose på kva dei trur dei kjem til å gå i minus eller pluss mot årsbudsjettet. Dette vert akkumulert opp til kommunalsjef, og til slutt samla for heile kommunen opp til Kommunedirektøren. Kommunedirektøren har lagt til eit ytterlegare risikoanslag på kring 7,6 millionar kroner, som er avklara med kommunalsjef etter deira rapportering var ferdig. Med dette risikoanslaget på ytterlegare 7,6 millionar, vert totalprognosen for 2024 på om lag 53 millionar kroner i meirforbruk.  Det understrekast at det generelt er knytt stor usikkerheit til prognoser.

 

Kvifor har det blitt slik? 

Svaret på dette er samansett.  Noko er knytt til for svak statleg finansiering knytt til utvida retter for ulike brukargrupper.  Noko er knytt til feilbudsjettering over fleire år.  Noko er knytt til etablerte tenestestandardar.  Noko er knytt til kultur og mangel på budsjettdisiplin.  Og ganske mykje er knytt til det faktum at den negative utviklinga har fått halde fram over fleire år.  Det finst ingen enkle svar eller raske løysingar på dette. Men det finst løysingar der det finst vilje. No handlar det om å rigge seg for å kunne drifte i tråd med budsjettet for det neste året og påfølgjande år.

 

Det er naudsynt å gjere ytterlegare tiltak

Summen av alt dette som er nemnt lenger oppe, gjer det naudsynt at kommunedirektøren innan kort tid tar initiativ til to inngripande tiltak som krev politisk forankring. 

Det eine handlar om ei restrukturering av einingsstrukturen, i første omgang i sektor for Velferd.  I framlegget til vedtak i denne saka ligg difor eit vedtakspunkt som gir kommunedirektøren i oppdrag å sjå på ei nedskalering i tal einingar i sektor for Velferd.  P.t. er det åtte einingar som tildelast budsjett og budsjettansvar i sektoren. Jo fleire einingar i ein sektor, desto større fragmentering av budsjettansvara i sektoren og det vert og meir krevjande å rekruttere og halde på gode einingsleiarar.  Målsettinga med nedskaleringa skal vere å effektivisere og forenkle dei administrative ressursane knytt til økonomioppfølging og personalhandsaming. Dersom kommunestyret gir klarsignal til å sette i gang eit utgreiingsarbeid, vil det kunne fremjast ei politisk sak om dette.  Dersom nemnte sak får positivt vedtak vil målsettinga vere at den nye einingsstrukturen skal kunne implementerast allereie i budsjettet for 2025.

Det andre tiltaket vert meir inngripande og skal handle om ei redefinering av behovet for stillingsressursar i kommunen, grunna utilstrekkelege økonomiske rammer.  Dette skal gjelde på tvers av alle sektorar og ha i seg eit behov for stillingskutt ut over det ein kan forvente av ein vidareført stillingsstopp med naturlege avgangar.  For å kunne ha moglegheit for å drifte innanfor gitte budsjettrammer i 2025, er det viktig å starte slik prosess allereie no, då dette er prosessar som i fleire tilfelle vil ta fleire månader å gjennomføre.  Kommunedirektøren legg opp til at kommunestyret skal få  ei slik sak til handsaming så snart som det er praktisk mogleg.  For det er naudsynt med ei politisk forankring, sidan dette tiltaket tvillaust vil få innverknad på kommunen si evne til å levere dagens tenestestandard.  Tentativt kan det verte snakk om eit samla lønskutt på betydelege beløp.  Kommunedirektøren har bedt kommunalsjefane om å gjere greie for dei tenestlege konsekvensane av gitte kutt i rammene til einingane.  Ein veit enno ikkje om det tentativt skisserte lønskuttet vil vere tilstrekkeleg, då ein førebels ikkje har sikre nok estimat over forventa inntektsnivå i 2025.  Det vil vi først få inntrykk av når budsjettet for 2025 ligg føre.

Bent Arild Grytten, kommunedirektør