Slik gjekk det med økonomien i 2023

Kommunen sitt endelege sluttresultat i 2023, synte dessverre eit stort meirforbruk i drifta. 

Hareidsdalen sett frå Hovdenakken. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Årsmeldinga skal opp i kommunestyremøtet på torsdag 20. juni. Det kan du sjå direkte eller i opptak på nettsidene til Hareid kommune.

I denne saka kan du lese meir om dei andre sakene som skal opp i møtet.

 

Meirforbruket i 2023 vart på meir enn 56,5 millionar kroner.  Bruk av disposisjonsfond reduserer meirforbruket i rekneskapen med om lag 20 millionar kroner, noko som betyr at vel 36 millionar kroner må framførast til inndekking i året, eller åra som kjem.  Kommunen har etter dette ingenting att av tidlegare akkumulerte avsetningar til disposisjonsfond.

 

Meirforbruket på drift vart i 2023 synte seg å verte større enn netto finanskostnader. Hareid kommune har ei stor lånegjeld, som kombinert med dei høge rentene, påfører kommunen store finanskostnader.  I 2023 var driftsnivået blitt så høgt at kommunen sjølv utan lånegjeld hadde gått med eit lite meirforbruk.  Dette er alvorleg og betyr at kommunen må redusere og effektivisere drifta i vesentleg grad, i tida og i åra som kjem.  I tillegg må kommunen syte for at alle relevante inntekter, blir budsjetterte og følgde opp. 

I ettertid er det lett å sjå at styringssystema knytt til økonomi- og personalforvaltning, ikkje har vore gode nok.  Resultatet vert no at kommunen kjem til å bli meldt inn i Robek-registeret og ikkje kan meldast ut igjen, før kommunen har dekka inn noverande og eventuelt også komande akkumulerte meirforbruk. Å vere på Robek betyr mellom anna at statsforvaltaren skal godkjenne låneopptak og budsjett.

 

 

Etter lang tids vakanse i toppleiarstillingar, vart to nye kommunalsjefar tilsette hausten 2022. Dessverre slutta den eine av desse, tidleg i 2024. Stillinga skal no utlysast igjen, men inntil vidare vert vakansen tetta med ei konstituering.  Også i 2023 var det utfordringar med sjukefråvær og med skiftande leiarar.  Denne utfordringa ser vi på fleire tenesteområde.  Dette verkar sjølvsagt hemmande for både framdrift og utvikling. Vi har enno mykje å hente på å jobbe betre med oppfølging av sjukefråvær. I ein travel kvardag ser vi at dette vert utfordrande for leiarane. Hareid kommune har likevel svært mange dyktige medarbeidarar som strekk seg langt for å levere gode tenester. I tillegg skal vi vere merksame på at arbeids- og forventningspresset på offentlege tilsette er stort og at det aukar. For mange tilsette kan dette opplevast som ein uheldig stressfaktor i kvardagen. 

Det er vidare viktig at dei folkevalde på alle nivå, ser samanhengen mellom val-løfter/nye brukarrettar og målretta finansiering for å kunne løyse oppgåver. Vi opplever at små og mellomstore kommuner, ofte ikkje har kapasitet til å effektivisere drifta. Noko som set oss under ytterlegare press.  Manglande tilgang på fagpersonell kan også verte ein trussel for tenesteytinga. For å rigge oss for framtida må vi jobbe annleis enn før, og her må Hareid kommune gjere fleire viktige strategiske val.

 

Hareid kommune har satsa mykje på utvikling av lokalsamfunnet. Vi ser at det ber frukter og at det er gjort mange gode val.  Dette er arbeid som ofte ikkje gir umiddelbart avkasting i form av meir pengar i kommunekassa.  Men ved å styrke bulyst, arbeidsglede og stoltheit, kan det vinnast mykje, på litt lengre sikt.  Fleire innbyggarar gir kommunen større statlege overføringar.  Fleire innbyggarar i arbeid gir kommunen høgare skatteinntekter og næringslivet større omsetning.  Utvikling av reiseliv kan og verke i same retning.  Ikkje som eit mål i seg sjølv, men som eit verkemiddel, der kommunen kan ha ei viktig rolle som tilretteleggar  I kombinasjon med og i tillegg til dette, arbeider vi målretta med å verte ei enno meir næringsvennleg kommune og med å få fleire næringsaktørar til å etablere seg i Hareid, og/eller  bli verande her. 

 

Eit positivt syn på framtida og utvikling, gir håp og framtidstru, noko som er viktig for den oppveksande slekt. Vi må arbeide for å gjere dei stolte av heimplassen. Då vil også lysta til å kome heim når dei er ferdig utdanna auke. Med dei grepa som er gjort i Hareid siste åra med samarbeid kommune/næringsliv, sentrumsutvikling og vesentleg styrka tiltak for barn og unge, er vi på rett veg mot målet om større bulyst og høgare sysselsetting. Det er viktig å syte for at den komande og mellombelse statusen som Robek-kommune, ikkje får øydelegge dette gode arbeidet.

Artikkelen er eit samandrag av innleiinga til konstituert kommunedirektør Bent Arild Grytten.

Heile innleiinga til kommunedirektøren og årsmeldinga til Hareid kommune kan du lese her.