Under den gule pullerten gøymer det seg 150 tonn med betong. Det er nok til å halde på plass store cruiseskip.
Erlend Friestad
Det er Ulmatec som har ansvar for det praktiske rundt anløpet, mellom anna tryggleik og ISPS-krav. Saman med Hareid Group har dei bidrege med kai og infrastruktur som kan handtere større fartøy. Det er mellom anna bygd ein ny pullert som skal kunne handtere skip av storleiken til MS Artania. Og det er ikkje ein liten pullert som er laga til: Under bakken ligg det 150 tonn med betong - nok til å halde på plass store skip.
– Desse verksemdene har vist stor vilje til å få dette til. Dei har vore avgjerande for at vi no kan ta imot cruiseskip, seier hamnesjef Johannes Alme.
Fagleg støtte i ryggen
Å ta imot store fartøy krev grundige vurderingar.
Kystverket, ved losane i Ålesund, har bidrege med kunnskap og rådgjeving gjennom arbeidet, og vore ein viktig sparringspartnar i planlegginga.
– Det er mange forhold som må vurderast når slike fartøy skal til kai. Vi har fått god hjelp frå Kystverket, som har svara på ei rekkje spørsmål undervegs, seinast i dag har dei svara ut spørsmål frå kapteinen, seier Alme.
Byggjer vidare
Samarbeidet mellom kommunen, Ulmatec og Hareid Group stoppar ikkje med dette anløpet.
Det er planlagt fem cruiseanløp i 2027, og fleire førespurnader er på veg. Målet er å utvikle Hareid som ein attraktiv destinasjon – i tett samarbeid med næringslivet.
Derfor satsar vi på cruiseturisme
Bakgrunnen for at vi satsar på cruiseturisme, er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte.
Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som også er positive alle som bur i kommunen. Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata under cruisebesøka.
Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Forventa ankomst 09.00 og avgang 17.00.
MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.
Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.
MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden.
| | |
|---|
| Lengde | 231 m |
| Breidd | 29 m |
| Bruttotonnasje | 44 500 |
| Passasjerkapasitet | Inntil 1 200 |
| Passasjerdekk | 9 |
| Kabinar | 600 (alle utvendig) |
Erlend Friestad
Kaifasilitetar
Det er Ulmatec som har ansvar for det praktiske rundt anløpet, mellom anna tryggleik og ISPS-krav. Saman med Hareid Group har dei bidrege med kai og infrastruktur som kan handtere større fartøy. Det er mellom anna bygd ein ny pullert som skal kunne handtere skip av storleiken til MS Artania.
Les meir om kai-samarbeidet mellom verksemdene og kommunen.
Cruiseskip-besøk i 2027
Vi har per no fem planlagde besøk i 2027. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Cruiseskip-besøk i 2028
Den første bestillinga for 2028 har allereie kome. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.