Målgruppe
Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike orsaker står i fare for å hamne i utanforskap. Nokre aktivitetstyper kan ha ei meir avgrensa målgruppe. Dette kjem fram i forskrifta.
Kva aktiviteter kan få tilskot?
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle born og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Aktivitetstyper det kan søkast tilskot til (sjå forskrift og rettleier for informasjon om dei ulike aktivitetstypene på Bufdirs nettside for tilskotsordninga):
- Kultur-, fritids- og ferieaktivitet
- Jobbtilbud og rettleiing
- Utstyrssentral
- Lokal fritidskasse
- Kultur- og aktivitetskort
- Aktivitetsguide
- Los/ungdomslos
- Åpen møteplass
- Utprøving av arbeidsmodellar
- Koordinering av lokalt arbeid for inkludering av målgruppa
- Anna lokal aktivitet
- Sentralledd frivillige organisasjonar – aktivitet i minst fem kommunar
Kven kan søkje
- Offentlege instansar
- Frivillige organisasjonar
- Private aktørar
Slik søker du
Søknadsfristen er 18. november 2022.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål om tilskotsordninga, ta kontakt med ungdomsarbeidar i Hareid kommune: Renate Seljeseth Bøe