Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Frist for å søkje er 15. oktober.

Kven kan søkje?

Søkjarar om tilskot av spelemidlane sitt overskot til idrettsanlegg kan vere kommune, fylkeskommune, idrettslag, andelslag eller andre samanslutningar.

For å kunne søke om tilskot frå spelemiddel til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, må du først søke kommunen om idrettsfunksjonell forhåndsgodkjenning. Sjå meir informasjon om dette på temasidene til anleggsregisteret.no. Det er berre eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidla.

Kva tiltak kan ein søkje på?

Du kan søkje om midlar som gjeld tiltak til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg. Ordninga har ikkje eigne retningslinjer, men er heimla i lov om pengespel.

Søknadsfrist?

  • Søknadsfrist for idrettsfunksjonell forhåndsgodkjenning: 15. oktober
  • Kommunen sin frist for vidaresending av søknadar til fylket: 15. januar

Korleis søkje?

Bruk skjema for søknad om spelemidlar.