Spørsmål om eigedomsskatten?

Hareid kommune har no sendt ut brev til den enkelte eigar om kva eigedomsskatten blir for dette året.

dronefoto Hareid - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Om eigedomsskatten

I 2025 er satsen for eigedomsskatt på 3 promille. I tillegg trekk vi frå 30 prosent av bustadverdien før utrekning av skatten.

Døme:

  • Bustadverdien er 3 000 000
  • Fråtrekk: 30 prosent av 3 000 000  = 900.000
  • Grunnlag for eigedomsskatt:  2 100 000
  • Eigedomsskatt 3 promille x 2 100 000 = 6300 kroner

 

Eigedomsskatten blir fakturert samstundes med dei kommunale avgiftene – seks gonger i året.

 

Klage?

Dei aller fleste (90 prosent) får eigedomsskatten utskriven basert på formueverdien fastsett av Skatteetaten. I brevet du har fått står det «formuesgrunnlag bolig» dersom dette gjeld deg.

Merk at det på skattemeldinga står oppført bustadens likningsverdi. Dette er 25 prosent av anteken marknadsverdi. Du må altså gonge med fire for å finne bustadverdien.

Likningsverdien baserer seg på blant anna areal, byggeår, bustadtype og lokalisering.

 Skal du klage på verdien på bustaden din, må du derfor klage til Skatteetaten.

Her vil du berre nå gjennom om dersom det er eit stort avvik.

 For at det skal vere grunnlag for å setje ned skattetakstgrunnlaget på primærbustadar, må bustaden sin formuesverdi vere meir enn 30 prosent av marknadsverdien.

 

Verdt å klage?

Ta formuesgrunnlaget du finn i brevet frå Hareid kommune og del på fire. Det gir deg formuesverdi. Del denne summen igjen på reell marknadsverdi. Dersom talet du får er 0,3 (30 prosent) eller høgare, vil klagen kunne gå gjennom.

Døme: 

  • På skattesetelen frå kommunen er bustadverdien sett til 3,3 millionar. Reell marknadsverdi er berre 3 millionar. 
  • 3,3 millionar delt på 4 = 825.000
  • 825.000 delt på 3.000.000 = 0,275 = 27,5 prosent.
  • Formuesverdien er mindre enn 30 prosent av marknadsverdien – ein klage til Skatteetaten vil derfor ikkje føre fram.

 

Meir informasjon om dokumentasjon av marknadsverdi og klagemoglegheiter på skatteetatens bustadverdi finn du på skatteetaten.no/bolig.

Dersom du skulle nå fram med ein klage, kan du kontakte kommunen igjen og sende over ny likning.

 

Klage andre bygningar

Klager som gjeld naust, fritidsbygg, hytter og våningshus skal stillast til kommunen:
Hareid kommune
Rådhusplassen 5
6060 Hareid eller postmottak@hareid.kommune.no

Du kan også klage via dette skjemaet.

 

Du kan søke om fritak frå eigedomsskatt via dette skjemaet.

Har du ytterlegare spørsmål: kontakt elisabeth.moltumyr.eiken@hareid.kommune.no