Stadnamn, skjenkeløyve, kvalitet på tenestene våre og økonomi

Dette er nokre av sakene som skal opp i formannskapet og kommunestyret neste veke.

Begge møta er opne for publikum. Begge møta blir også sendt direkte og er også mogleg å sjå i opptak.

  • Formannskapsmøtet er 23. september klokka 12 i kommunestyresalen.
  • Kommunestyremøtet er 26. september klokka 18 i kommunestyresalen.

Sendinga frå møtet i kommunestyret:

 

Sendinga frå møtet i formannskapet:

På grunn av tekniske utfordringar blir det berre lyd frå denne sendinga.

 

Under følgjer eit kort samandrag av dei viktigaste sakene.

Fullstendige sakspapir kan du lese her.

 

Økonomi

Hareid kommune styrer også i 2024 mot eit kraftig meirforbruk. Både formannskapet og kommunestyret skal handsame økonomirapporten for dei fyrste åtte månadane. Dette er den viktigaste saka i møte. Du kan lese meir om økonomien i eigen artikkel.

 

Standard på velferdstenestene

Ei anna viktig sak er kva standard vi skal ha på velferdstenestene i kommunen. Målet er å sikre lik informasjon til pasient/brukar, pårørande og tilsette om innhaldet i tenestene. I tillegg til å avklare forventningar til sakshandsaming, den som får tenesta og dei som gir tenesta.

Den førre kvalitetsstandarden blei vedteke i 2021. Aukande behov for tenester, urealistiske forventningar til innhaldet i tenestene og stramme økonomiske rammer, gjort det naudsynt å revidere denne standarden.

Framskrivingar av befolkningssamansetnaden viser at vi nesten vil doble talet på personar som er over 80 år i kommune dei neste 15 åra. Samstundes ser vi stadig fleire yngre treng mykje hjelp og stadig fleire søker hjelp på grunn av rus- og psykiatriutfordringar.

Her kan du lese kva administrasjonen meiner skal ligge til dei forskjellige tenestene og kva krav og forventningar det blir stilt til brukar/pasient og pårørande.

 

 

Vedta stadnamn

Formannskapet og kommunestyret skal handsame to saker om stadnamn i kommunen.

Den eine gjeld Engeskaret. Statens kartverk har vedteke at korrekt form på dette stadnamnet er Engeskaret. Det betyr at kommunen må endre namn på vegen Engeskardet til Engeskaret.

Den andre saka er vegnamna i det nye byggefeltet på Plassane. Tilrådinga frå namnetutvalet og kommunedirektøren er at forlenginga av Melshornvegen blir heitande Melshornvegen, medan stikkvegane på feltet får namna Hovleitevegen og Kjøsateigen.

 

Kontroll med privat avlaup

Hareid kommune er forureiningsmynde. Kommunestyret skal handsame to saker som gjeld dette feltet:

Dei skal handsame ein strategi for tilsyn og opprydding av private avlaupsanlegg. Dette er eigedomar som har lagt inn vatn, men ikkje er kopla til kommunalt avlaupsnett. Miljødirektoratet og Statsforvaltaren har pålagt kommunane å kartleggje og krevje forbetringar av desse avlaupsløysingane.

Vassforskrifta i Noreg krev at alle kommunar har kontroll på alle utslep frå avlaup seinast 2033. Det er i dag ikkje ressursar i kommunen til å følgje opp regelverket.

Kommunane følgjer i dag ikkje opp sine plikter med tilsyn av spreidde avløp. Då arbeidet kan finansierast gjennom sjølvkost, vil det vere tenleg å innføre eit nytt gebyrområde for å få i gang oppryddingsarbeidet. Det vil også vere tenleg å samarbeide om oppgåvene på tvers av kommunegrensene, slik at kommunane kan halde kostnadane for innbyggarane nede. Eit samarbeid på tvers av kommunegrensene gjer at kommunane ikkje vert like sårbare ved sjukdom, når folk sluttar, eller er ute i permisjon. Enkelt og greitt er samarbeid ved slike oppgåver meir robust enn å ha tilsette i prosentvise stillingar. Oppfølging av spreidde avløp vil også føre til betre miljø der vi får rydda opp, då vi vil få mindre utslepp av kloakk. Dei økonomiske konsekvensane for dei det gjeld vil måtte seiast å vere marginale, når vi snakkar om ei årleg kostnad mellom 500–1000 kroner per avlaup.

Arbeidet og stillingar kan finansierast gjennom eit nytt sjølvkostgebyr og går ikkje ut over den generelle kommuneøkonomien. Alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre legg fram den same saka om å innføre eit nytt gebyrregulativ slik at kommunane kan starte innkrevjinga av gebyr, som igjen skal finansiere stillingar til tilsyn.

 

Skjenkeløyve

Kommunestyret skal ta stilling til to skjenkeløyve. Det eine er heilt nytt skjenkeløyve til Millennium Kafé. Den andre er ei forlenging av skjenkeløyva til Hareid restaurant og sportsbar.

I begge sakene er tilrådinga at skjenkeløyve blir gitt.

 

 

Val

Kommunestyret skal også gjere to val:

Dei skal velje Hareid kommune sine representantar i forliksrådet og møtefullmektige til forliksrådet.

Dei skal handsame ein fritakssøknad til eldrerådet og velje ny representant – dersom dei innfrir søknaden om fritak.