
Offisiell oppstart av kraftverket er venta mot slutten av veka. I samband med oppstarten vil vatn frå kraftverket truleg legge seg oppå isen i Snipsøyrvatnet ved avløpskanalen og fordele seg utover isflata. Etter kvart vil vatnet smelte isen og gjere området utrygt.
Avløpet ligg rett sør for Nessetelva friluftsområde. Sjå kartutsnitt. Sidan friluftsområdet er eit svært populært utgangspunkt for skeiseturar, vil Tussa setje opp skilt ved friluftsområdet og merke risikoområdet med granbar.
Bebuarar i nærområdet har også fått tekstmelding.
Større vassføring i vassdraget vil også kunne svekke isen i nordenden av Snipsøyrvatnet. Dette vil ikkje bli merka.
Det blir også tappa vatn frå både Hammerstøylsvatnet og Svartevatnet. Dette fører til at isen ved tappepunkta i desse vatna òg kan svekkast og bli farleg å ferdast på. Dette vil ikkje bli merka.