I dag renn hovudkloakken ut ved ytre kai. Desse sjøleidningane er dårlege. No legg vi opp til at kloakken skal gå til det framtidige reinseanlegget på Raffelneset. Arbeidet går ut på å opparbeide nytt vatn-, spillvatn- og overvatnsanlegg i Soffibakken, Kyrkjegata og Pålhaugen.
Hald deg oppdatert på prosjektet på samlesida vår.
Over leidningane vil det i Kyrkjegata og Pålhaugen bli etablert gang- og sykkelsti. I tillegg blir det sett opp nye veglys i Kyrkjegata og på Pålhaugen. Stikkvegen til det planlagde bustadfeltet på Pålhaugen blir også opparbeida.
Prosjektet er estimert til å koste 15 millionar (inkl. mva.). Dette vert fordelt på veg, vatn og avløp.
Fyrste del av VA-prosjektet blir i nedre del av Soffibakken. Då vil vegen bli stengd.
Erlend Friestad
Fyrste del av prosjektet startar nedst i Soffibakken. Her vil vi stenge vegen for trafikk i veke 10. Omkøyring vil bli skilta. Eigedomar vil vere tilgjengeleg som normalt.
Vi vil ta direkte kontakt med alle innbyggarar og verksemder som er spesielt råka av arbeidet.
Prosjektet er planlagd å vere ferdig november i år.
Har du spørsmål om prosjektet kan du sende ein epost til prosjektleiar vebjorn.groven@hareid.kommune.no