Statsforvaltaren besøker formannskapet i samband med Robek-innmeldinga

Hovudsaka i formannskapet måndag 14. oktober er ei arbeidssak der leiinga i Hareid kommune, både den administrative og folkevalde, skal møte Statsforvaltaren.

dronebilete Hareid hamn - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Bakgrunnen for møtet er at Hareid kommune er innmeldt på robek-lista. Når ein kommune blir meldt inn i «Register om betinget godkjenning og kontroll» (robek), vil staten (gjennom statsforvaltaren) kontrollere og eventuelt godkjenne årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeforhold.

Hareid kommune blei meldt inn på robek i sommar fordi underskotet i fjorårets rekneskap var på meir enn 3 prosent av driftsinntektene.

Statsforvaltaren har laga til eit kommunebilete av Hareid kommune. Her skildrar dei statusen til Hareid på ei lang rekke område, mellom anna kommuneøkonomien, barnehage, skular, helse, naturforvaltning, byggesak og beredskap

Her kan du lese heile rapporten frå Statsforvaltaren.

Som vanleg kan du følgje møtet direkte, eller sjå det i opptak. Møtet startar klokka 10.

Her kan du sjå saklista og lese om dei andre sakene.

Sendinga frå formannskapet: