Stenging og flytting av biblioteket

Laurdag 30. januar vert ein merkedag for Hareid folkebibliotek. Då er det siste opningsdag før biblioteket stenger dørene for godt i noverande lokale.

Veka som kjem er siste veke Bente Elvebu, Anne Vasstrand og Ann Kristin Sørensen vil ta imot publikum i biblioteket i Rådhuset. No startar prosessen med å flytte tusenvis av bøker og anna materiale over til det nye biblioteket i Helsehuset. Etter planen vil det opne i april. Erlend Friestad   

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

I heile 36 år har biblioteket halde til i Rådhuset og minna er mange og gode for både brukarar og tilsette.  På grunn av koronasituasjonen vert det dessverre ikkje noko offisiell markering i samband med stenginga, men vil du innom ein siste gong så er du hjarteleg velkomen til det.

Nybiblioteket skal etter planen opnast i midten av april. Det betyr mange veker utan bibliotektenester på Hareid. I stengeperioda skal heile samlinga merkast med RFID-brikkar som gjer utlån, innlevering og gjenfinning av media meir effektivt. Heile samlinga skal også gjennomgåast for å få ei mest mogleg relevant, allsidig og nyttig samling.


Slitte bøker og ein del bøker som ikkje er etterspurt blir ikkje tatt med vidare og kassert. Vi har rådført oss med Nasjonalbiblioteket i denne prosessen. Kvart år får vi inn om lag 1000 nye bøker, så bøker inn betyr også bøker ut. Hareid folkebibliotek har elles ei stor og viktig lokalsamling der alt vert teke vare.

Om du ynskjer å låne bøker eller andre media når biblioteket på Hareid er stengt:

  • Det vert ingen utlån frå Hareid.
  • Du kan alltid låne bøker og andre media på alle andre folkebibliotek. Bøkene leverer du inn der det passar deg best.  Om du vil levere inn på Hareid kan all innlevering gjerast i innleveringskassa utanfor «gamlebiblioteket».  Har du bøker uteståande er det viktig at dei vert levert tilbake.
  • «Over Eidet» står dei kjekke bibliotektilsette på Ulstein bibliotek klar til å hjelpe deg. 
  • Ved å logge deg inn på heimesida vår kan du sjølv reservere bøker frå den store felleskatalogen til oss fire biblioteka på Ytre Søre. (-Hareid)
  • Du kan også bestille bøker frå heile landet ved å logge deg inn på nettsida Biblioteksøk. Då må lånekortet ditt vere registrert som Nasjonalt Lånekort. Ta kontakt med oss eller andre bibliotek så hjelper vi deg med å ordne det om du ikkje har Nasjonalt Lånekort enno.

OBS! Om du reserverer eller bestiller bøker må du hente dei i Ulsteinvik. Viktig at du då setter Ulstein bibliotek som hentestad i bestillinga di.

Vi beklagar ulempene med stengt bibliotek over ei så lang periode, men vi kan alle glede oss stort til det fantastisk flotte biblioteket og den fine møtestaden som vi vil få i april.