Erlend Friestad
Turen går frå Brandal kai til Kvitneset og vidare til Buhammaren for dei som vil. Både Kvitneset og Buhammaren vil vere turmål i årets Stikk Ut-sesong.
Oppstart er ved parkeringa ved kaia i sentrum av Brandal. Vi starar på asfalt og på relativt flat veg, men etter kvart blir vegen noko smalare og går over i grusdekke.
Rik historie
Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet, i havgapet ved inngangsporten til Breisundet og Storfjorden. Det er ei fantastisk naturperle og sjølv om området i dag er mest kjend for festningsverket frå andre verdskrig, vart området mykje nytta som tur- og rekreasjonsområde også før krigen.
Kvitneset er rik på historie frå andre verdskrig då tyskarane brukte det som kystfort frå 1941 til krigen tok slutt. Då tyskarane kom til Brandal i tok dei seg inn i private heimar og brukte skulen i bygda ti l eit mellombels hovudkvarter. Festningsverket blei bygd av krigsfangar frå Sovjetunionen. Det bestod av skytestillingar, fangeleir, kommandobunker, tunellar og ammunisjonslager i fjell. I dag er mykje av dette framleis synleg i terrenget.
Håkon Johan Eliassen er spesialist på Kvitneset, og vil fortelje oss om noko av historia til området.
Brandal Vel stiller med matsal på Kvitneset, så du treng ikkje ta med matpakke. På menyen står det pølser med brød, saft, kaffi og litt kaffimat.
Dei som vil vidare kan bli med ordførarar Bernt vidare til Buhammaren, ut mot Breisundet. Den etappen tek ein halvtime og går på sti.
Når: søndag 04. mai klokka 13
Lengd: om lag 5 kilometer. Fyrste etappe er tilgjengeleg med vogn, sykkel og rullestol
Parkering: Parkering i Brandal sentrum og ved Brandal skule.
Varm opp med sjøbad
Isbad i Ishavsbygda klokka 1200. Tek du utfordringa?
Brandal har ein gjeng med barske isbadarar. For dei som tek utfordringa er det felles isbad frå Brandal kai klokka 1200. Det vert lagt til rette for skifterom på Pakkhuset, slik at du kan gjere seg klar til å gå på tur direkte etter badet.
Ny utstilling på Ishavsmuseet
Vil du lære meir om historia frå vår dramatiske sjøfarts-, fangst- og polarhistorie, anbefaler vi å ta turen innom Ishavsmuseet, som er ope frå 12.00 – 16.00. Dei har ny, stor utstilling i 4. etasje, og ny utstilling med modell av Kvitneset frå krigsåra. Her kan du også kjøpe deg kaffi og vaffel.