Sunnmøre si beste strand er klar for sommarsesongen - Hareid kommune

Sunnmøre si beste strand er klar for sommarsesongen

Sanitæranlegget opna 1. mai– og utedusjen og landgangen til flytebrygga er på plass.

landgang ned til flytebrygge. Brygga på vatnet, blå himmel og snødekte fjell i bakgrunnen - Klikk for stort bilete Hareid kommun

Her på øya er vi ikkje framande for å bade også i vinterhalvåret, men det er klart at fleire blir freista når sola skin og temperaturen stig.

No har uteseksjonen i  kommunen gjort klar stranda for sommarinnrykket. Vi har lagt ut landgangen til flytebrygga og montert utedusjen på stranda.

Frå 1. mai er sanitæranlegget er ope dageleg mellom klokka 07-21. 

LES OGSÅ:  Slik kjem du deg trygt til Overåsanden til fots eller sykkel

Overåsanden er kjend for kvit sand, krystallklart vatn og gode badetilhøve. Stranda ligg skjerma for vind, har sjeldan havtåke og byr på badebrygge, utedusj og sanitæranlegg. Det er også som oftast god plass – både på stranda og til parkering i området.

At Overåsanden er ein favoritt, er det mange som er samde om. I ei lesaravstemming i Sunnmørsposten i fjor sommar, vart stranda kåra til favorittstranda på Sunnmøre, med 1033 røyster av totalt 4278. Det seier sitt om kor høgt Overåsanden er verdsett.

Har du lyst å teste dette?

Mann som ligg på ein rosa flytemadrass på krystallklart vatn. I bakgrunnen nasjonalmonumentet - Klikk for stort bilete Hareid kommune

Les meir her!