Tettar hola i vegen

Kommunalteknikk har den siste tida vore rundt i store delar av kommunen for å tette hol i vegane.

  Peder Alme  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Peder Alme  Kulde, regn, snø og slaps er hardt for asfalt. På slitte vegar oppstår det fort hol i vegen under slike forhold og mykje nedbør gjer at dei kan vekse raskt.

Tilsette ved kommunalteknikk har dei siste dagane vore ute med grus for å tette hola vi har fått melding om og veit om. Grus er eit førebels tiltak, sidan oljegrus ikkje kan nyttast før det blir varmare i vêret.

Ser du feil som ikkje er fiksa? Send oss ein e-post på postmottak@hareid.kommune.no. Skriv kvar det er og legg gjerne med eit bilete også.

Du kan også nytte Fiksgatami – ein nettportal som sender inn meldinga på dine vegner – og samstundes registrerer feilen i eit kart.