Noregs Blindeforbund skriv blant anna dette i si pressemelding:
"Hareid Kommune har i løpet av dei 2 siste åra bygd eit heilt nytt helsesenter i Hareid sentrum - Hareid Helsehus.
Gjennom tett dialog med Noregs Blindeforbund Møre & Romsdal, og fleire befaringar undervegs i byggeprosessen, har krav og ønskjer om universell utforming, og tilgjengeligheit, blitt godt møtt og utforma på ein eksemplarisk måte.
Noregs Blindeforbund M&R vil difor dele ut årets Tilgjengelighetspris til Hareid Kommune for Hareid Helsehus.
Tildelinga vil finne stad på Hareid folkebibliotek i Hareid Helsehus, onsdag 28. september kl. 11.00.
Leiar for fylkeslaget, Kai Corneliussen, og andre representantar for Blindeforbundet vil være tilstades, samt ordførar i Hareid, Bernt Brandal og Pergunn Rødseth Gjerdsbakk, leiar for eigedomsavdelinga i Hareid Kommune."